Hopp til innhold

Alarmen går i EU etter sjukdomsfunn i Noreg

23 tilfelle av skrantesjuke i Noreg fører til storstilt jakt på sjukdomen i heile Nord-Europa.

Reinsdyr skoten

FRYKTA: Skrantesjuka må stoppast, er både EU og Noreg samde om. Desse dyra vart skotne i 2017.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

EU vil sjekka om skrantesjuka kan ha spreidd seg frå Noreg til andre europeiske land.

Derfor skal det no takast prøver av dyr i alle land som har rein og elg: Sverige, Finland, Estland, Latvia, Litauen og Polen, i tillegg til Noreg. Testinga skal gå føre seg i tre år fram til 2020, går det fram av EU-vedtaket.

42.100 prøver

I 2016 blei skrantesjuka påvist i Europa for første gong, på rein i Noreg. Villreinstammen i Nordfjella måtte skytast ned for å forhindre spreiing. Totalt 23 dyr er så langt funne med sjukdomen i Noreg, etter å ha tatt prøver av meir enn 42.100 hjortedyr.

19 av desse var av den særs smittsame varianten, ifølgje Hallgeir Herikstad, skrantesjukekoordinator i Mattilsynet.

– Om det finst skrantesjuke i andre europeiske land, kan følgjene bli dramatiske. Det er ein sjukdom som det ikkje finst medisin mot, som fører til døden med stor liding, seier Herikstad.

Både tamme og ville dyr skal testast. Kvart land skal ta prøver av minst 6000 dyr.

– Det er langt færre enn talet på prøver vi allereie tar i Noreg, seier Vibeke Bolme, fungerande seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

– Berre i 2018 har vi som mål å sjekka 30.000 dyr.

Stort uttak av hjort i Lærdal hausten 2017

MANGE PRØVER: Både hjort, elg og rein blir slakta og tatt prøver av. Her er tamhjort skotne i Lærdal i fjor.

Foto: Fredrik Hestetun

Kan bli fleire land

Men EU-programmet vil òg få konsekvensar for Noreg. Til dømes skal alle oppdrettshjort eldre enn eitt år no takast prøver av. Tidlegare har Noreg berre testa dyr eldre enn to år.

Endringane vil kosta 1,5 millionar kroner, trur Mattilsynet. I tillegg kjem meirutgifter for kommunar som må ta fleire prøver, eller som tidlegare ikkje har vore omfatta av testane.

Programmet kan snart bli utvida til mykje større delar av Europa. EU-kommisjonen har nyleg foreslått at alle EU-land som har hjort, skal overvaka for skrantesjuke. Tilrådinga kjem frå EUs vitskapskomité EFSA. Dette vert no diskutert mellom medlemslanda.

LES ÒG: Fryktar resten av stammen blir utrydda