Akvariet trekker søknad om måseskyting

Akvariet i Bergen søkte kommunen om fellingsløyve av særs pågåande måsar. No har dei trekt søknaden, og prøver meir kreative løysingar.

Akvariet vil skyta måsar

NO SNUR DEI: Etter gode tips frå privatpersonar og fagfolk har Akvariet i Bergen valt å trekke søknaden om å skyte plagsame måsar. Måseproblemet har aldri vore så gale på Akvariet som i år.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– For oss var det aldri noko målsetjing å skyta måsane. Det var vår siste utveg, seier direktør Geir Ove Mellingen ved Akvariet i Bergen.

– Vil li ein lang og pinefull død

Saka som NRK først omtala måndag har vekt oppsikt i dyremiljøet.

– Når Akvariet, som tener pengar på å visa fram ville dyr, må gå til så drastiske tiltak som å skyta den lokale faunaen, så tykkjer me ikkje at det er greitt, sa Arild Breistøl i Norsk ornitologisk foreining Hordaland til NRK onsdag.

Dei tilsette ved Akvariet fortalde at problemet med måsane aldri har vore så stort som i år.

– Men mange av måsane hekkar i nærleiken av Akvariet. Viss éin av foreldra bli drepen, vil ungane li ein lang og pinefull død, sa Breistøl.

Drakar som skremmer måsane

Måkeskremmer Akvariet i Bergen

SKREMMER MÅSANE: Drakane i svart stoff liknar på haukar, som skremmer måsane. Etter to dagar ser det ut til å fungera godt.

Foto: Christer Møller

No har altså Akvariet gått vekk frå den noko utradisjonelle ideen.

Då saka vart omtala i media fekk Akvariet inn veldig mange gode tips frå både privatpersonar og fagfolk, deriblant eit tips om drakar som er forma som ein hauk.

– Me har allereie installert éin, som ser ut til å fungera godt, seier direktør Mellingen.

Draken er laga av tynt svart stoff, som er forma som ein hauk.

– Me har hatt draken ståande i to dagar. Tiltaket har så langt sett ut til å fungera bra. Hauken er eit dyr som skremmer måsane, seier Melingen.

Måse skadar akvariefisk

FORSYNT SEG FRITT: Måsane har forsynt seg fritt av fiskane i vatnet. Dei har og plaga pingvinar og sjøløver.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Den fyrste hauken er plassert over dammen kor måsane ifølgje Akvariet har forsynt seg av mellom anna sild og makrell. I tillegg er mange akvariefiskar skadd etter angrepa.

No skal Akvariet setje opp to til, for å dekkje over heile akvarieområdet.

– Me var veldig glade for det tipset, og det vart fort gjort for oss å hive oss rundt og få drakane på plass. Me håpar verkeleg at det fungerer, seier Melingen.

Akvariet i Bergen har òg fått eit tips om ei maskin som lagar høgfrekvente lydar som skremmer måsane. Maskina er neste tiltak på planen om ikkje haukane fungerer godt nok i det lange løp.