Hopp til innhold

– Vi som foreldre må følgje med så godt vi kan

Hadde ikkje mora oppdaga kva dottera gjorde på Skype, hadde neppe den store overgrepssaka vorte avdekka.

Mor snakkar ut

Det var mor til eitt av offera i «Skype-saka» som melde frå til politiet.

Foto: Margret Helland / NRK

– Dette er unge, forsvarslause jenter som blir lurt inn i noko dei inst inne veit dei ikkje skal gjere. Likevel blir dei lurt til det, seier mor til overgrepsoffer.

Jenta trudde det var ein jamaldra

Dottera var på besøk hos ei venninne den dagen mora fann ut kva ho hadde blitt utsett for. Skjermbrettet til dottera byrja å få inn fleire varslar. Det var stor aktivitet, og ho skjønte fort at meldingane ikkje var samtalar med venninner.

– Det var tydelegvis ein chat med ein eldre som hadde eit stygt språk og oppfordra jentene til å gjere ting som eg skjønte ikkje er akseptabelt å gjere.

Mora, som ønskjer å vere anonym, fortel til NRK at dottera hennar var sikker på at mannen ho og venninnene chatta med var på same alder. Mora fekk sjokk då ho fann ut at det var ein 27 år gamal mann.

– Dei trudde han var ein ung gut. Vi samla alle jentene med foreldre og snakka om dette. Vi fortalde jentene at dette ikkje er bra og heller ikkje akseptabelt av dei å gjere.

Totalt 48 jenter og éin gut i alderen 10–15 år er fornærma i saka.

Mora gjekk til politiet og melde saka. Ifølge politiadvokat, Cathrine Krohn, har denne avgjerda vore avgjerande.

– Hadde det ikkje vore for denne mora er det ikkje sikkert at vi hadde fått kjennskap til saka på det tidspunktet, seier Krohn.

Mora seier ho aldri var i tvil om ho skulle melde til politiet.

– Aldri. Vi ville gå vidare med det. For foreldre er det ofte vanskeleg å skjønne at barna kanskje viser seg fram på nettet. Det forstår eg, for det er ikkje lett å skjønne. Her er det ein som lurer barna og spelar dei opp mot kvarandre.

Har innsett at det er snakk om faktiske overgrep

Ifølge mannens forsvarer, Jakob Bentsen, er den tiltalte glad for å ha blitt avslørt.

– Han følte at det var noko han hadde vanskar for å komme ut av på eiga hand. Det var behov for at politiet stoppa han, slik som han har forklart det, seier Jakob Bentsen.

Både mor og dotter har klart å leggje hendinga bak seg i dei seinare åra, men det er kjensler som kjem opp at no som rettssaka er i gang. Ho er glad for at dottera hennar ønskja å melde inn saka då ho innsåg at det var snakk om ein eldre mann.

– Ho synest det var ekkelt, men ho var òg innstilt på å forklare kva som hadde skjedd.

Skype

Mannen nytta chattetenesta Skype for å kome i kontakt med dei 49 barna.

Foto: Margret Helland / NRK

I ettertid har mor til jenta blitt meir bevisst kring nettbruk og sosiale medium.

– Det er ein jungel der ute, så det er ikkje lett. Vi som foreldre må følgje med så godt vi kan, henge med og prøve å lære barna våre nettbruk i ein tidleg alder.

– Vi som foreldre må prøve å lære barna våre at det du ikkje kan stå og seie eller rope utanfor butikken, skal du heller ikkje skrive på nett, seier ho.