Hopp til innhold

– Svikt i planlegginga førte til ferjebrannen

Politiet er ferdig med etterforskinga av brannen på MF Strand.

ferjebrann bømlo

DRAMATISK: Det tok 20 timar før brannvesenet kunne avslutta innsatsen då ferja MF Strand byrja å brenne i oktober 2016.

Foto: Jan Kåre Ness

I fleire månadar har politiet i Sunnhordland etterforska den dramatiske ferjebrannen på MF Strand i fjor haust.

Nær 500 menneske vart evakuert frå bygda Rubbestadneset då brannen braut ut tidleg på morgonen 29.oktober.

Ferja til Norled var inne til årleg vedlikehald hjå Los Marine på Bømlo. No meiner politiet at serviceselskapet kan klandrast for at brannen oppstod.

– Vi meiner det har skjedd ein svikt i planlegginga av arbeidet. Manglande planlegging har ført til at det byrja å brenna i ferja, seier politioverbetjent Egil Espeland til NRK.

Me visste ikkje at det eksisterte brennbart materiale i det området vi arbeida på.

Magne Olav Østensen, dagleg leiar i Los Marine
Brann i MF Strand Bømlo med bebyggelse

EVAKUERT: Los Marine sitt område ligg tett opptil sentrum av Rubbestadneset på Bømlo. Nær 500 menneske vart evakuert under brannen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kan bli bøtelagd

Han har leia etterforskinga og har no sendt saka over til politijurist i Haugesund.

Dei skal vurdera om planleggingssvikten er så alvorleg at Los Marine kan straffast for det. Det blir i så tilfelle i form av ein bot.

Ingen av dei tilsette på Los Marine eller andre personar vart skadd, men det tok 20 timar før brannvesenet kunne avslutta innsatsen. Den 34 år gamle ferja vart totalskadd og kjem aldri tilbake i trafikk.

– Rutinesvikt

Politiet er sikre på brannårsaka. Det var under skjærebrenning av skrogplater at brannen braut ut. Politioverbetjent Espeland seier at det er før skjærebrenninga det har svikta hjå Los Marine.

– Det går på kva som faktisk ligg bak skrogplatene der skjærebrenninga vart utført. Det var meininga at det ikkje skulle vera noko brennbart der, men det har tydelegvis vore tilfelle, forklarar Espeland.

– I etterforskinga har vi avdekka at nokon har sagt noko som ikkje er kontrollert eller etterprøvd, før arbeidet med skjærebrenninga byrja.

Skader etter fergebrann på Bømlo

TOTALSKADD: Brannen fekk herja i nesten eit døgn og 34 år gamle MF Strand vil aldri koma tilbake i trafikk.

Foto: Magne Langåker

Visste ikkje om brennbart materiale

Dagleg leiar Magne Olav Østensen i Los Marine seier han ikkje har lese politiets rapportar eller konklusjonar etter etterforskinga.

Han ventar på ei avgjerd frå politijuristen før han ønskjer å kommentera saka i detalj.

– Men det var sju mann som planla jobben dagen før, og at me kom i eit område med brennbart materiale skuldast ikkje manglande planlegging, svarar Østensen.

– Me visste ikkje at det eksisterte brennbart materiale i det området vi arbeida på.

Østensen fortel at dei har granska brannen internt og sendt ein rapport til forsikringsselskapet for vidare behandling. Drifta ved Los Marine føregår som vanleg i dag.

– Brannen var dramatisk, men vi har lagt bak oss denne hendinga no.