Hopp til innhold

– Me har fått eit monster i fjorden

Byutviklingsforskar meiner Småpudden er langt frå den gang- og sykkelbrua bergensarane vart førespegla. – Kan me ikkje berre riva og byggja ny?

Småpudden

MISNØGDE: Forskar på byutvikling tek til orde for å riva Småpudden. Han meiner brua som knyt saman Bergen sentrum og Løvstakk-sida ser ut som ei resirkulert ferje.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Den nye brua over Damsgårdsundet, som knyt saman Møhlenpris og Damsgård, har ikkje blitt til det Tarje I. Wanvik såg føre seg.

Han er forskar på berekraftig byutvikling ved Spacelab ved Universitetet i Bergen, og er skuffa over resultatet etter dei visjonære planane i Damsgårdssundet.

– Arkitektbileta gav inntrykk av at me skulle få eit futuristisk og spenstig stykke arbeid. No får ein assosiasjonen av å vera om bord i ei resirkulert ferje.

Skuffa over Småpudden

Tarje I. Wanvik er skuffa over Bergen si mest etterlengta bru. – Utforminga er for dårleg. Ho er mellom anna for høg, seier han. Her syner Wanvik eitt av få punkt kor born har utsikt til fjorden.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Forstår ikkje kva dei har tenkt

Det har teke meir enn ti år å få brua på plass. Eit arkitektkontor frå Danmark vann konkurransen, og teikningane såg lovande ut.

I vår kom endeleg brua. Forskaren meiner derimot bergensarane vart førespegla noko ganske anna.

– Dette skulle vera ei investering for eit framtidsretta Bergen. Så endar me opp med dette. Det er vanskeleg å bli klok på, seier Wanvik.

Tre ulike byrådar for byutvikling har teke del i byggjeprosessen. NRK har vore i kontakt med Henning Warloe (H) og Lisbeth Iversen (H) frå det førre byrådet og Anne Elisa Tryti (Ap) som no er byutviklingsbyråd, men ingen har kunna kommentera sluttresultatet.

Småpudden bro i Bergen, skisse

PLANEN: Slik skulle ho eigentleg sjå ut. «Småpudden» vart ikkje like godt arkitektonisk forma ut over Puddefjorden som det bileta tilseier, meiner Wanvik.

Foto: Rambøll AS / Skisse

Meiner bergensarane ikkje har fått brua dei blei lova

Det er allereie reist ein god del kritikk mot at brua til 130 millionar kroner ikkje kan opne for båtar om det bles meir enn frisk bris.

Men også utsjånaden er vorten ein «snakkis» blant bergensarane. Carl Johannessen har ikkje mykje godt å seia om den 154 meter lange brua.

– Det ser ut som dei allierte skal i land med tanks. Brua er grå og trist.

Han får støtte av Javier Velasquez.

– Eg likar det ikkje. Brua ser ut som ei balje.

Hovland meiner bergensarane ikkje har fått det dei blei lova.

– Det ser ut som at me har fått eit monster i fjorden. Brua skulle vera ein attraksjon – eit smykke i Puddefjorden. No blir det litt forrykande. Eg trur det er meir ingeniørarbeid enn designarbeid, meiner han.

Vil måla Småpudden

SKUFFA: Carl Johannessen er ikkje akkurat imponert over utforminga på Småpudden. – Brua er grå og trist.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Byutviklar klør seg i hovudet

Tarje I. Wanvik legg heller ikkje noko i mellom når han kommenterer korleis det er å bruke brua. Han meiner Småpudden er dårleg forma ut.

– Born rekk ikkje ein gong opp til rekkverket. I tillegg er det snublefare. Og kva skal ein med eit rekkverk langs sykkelstien?

Forskaren spør seg om det er mogleg å få ei ny bru over Puddefjorden.

– Kan me ikkje berre riva denne og bygga ei ny? Det kan jo hende me klarar å få nokon til å seia «okei, me angrar. Me gjer det».