Hopp til innhold

Meiner kvinner tapar likestillingskampen

Verdas første demokratisk valte kvinnelege president meiner likestilling mellom menn og kvinner har hatt ein tilbakegang sidan ho var president på 80-talet.

Vigdis Finnbogadottir

KLAR TALE: Island sin første kvinnelege president, Vigdís Finnbogadóttir, meiner det framleis er ein lang veg å gå når det gjeld likestilling mellom kvinner og menn.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Borna såg Ronald Reagan på fjernsynet og skjøna ikkje korleis ein mann kunne vera president. Er det ikkje damer som skal vera det?, spurte dei.

Vigdís Finnbogadóttir

9. juni 1980 vart Vigdís Finnbogadóttir president på Island. Dagen for over 30 år sidan vart historisk. Ho vart nemleg verdas første demokratisk valte kvinnelege president.

Denne veka er 84 år gamle Finnbogadóttir i Bergen for å halde foredrag på islandske litteraturdagar i Bergen. Her er ho for å snakke om det islandske språket, historie, og kultur. Saker ho også brann for som president.

Vann med 1900 stemmer

finnbogadottir

I STUDIO: Finnbogadóttir besøkte NRK Hordaland i forbindelse med islandske litteraturdagar i Bergen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Det var eit særs spanande presidentval på sagaøya 9. juni 1980. Til slutt skilte det berre 1900 stemmer i Finnbogadóttir sin favør. Ho enda med 33,8 prosent av stemmene, medan Gudlaugur Thorvaldsson fekk 32,3 prosent og Albert Gudmundsson 19,8 prosent.

– Først vart eg litt redd for at folk ikkje hadde nok tillit til meg. Men etter kvart vart eg stolt av at eg vann med så liten margin. Det tyda jo på at det var ein god debatt og diskusjon i forkant, seier den tidlegare presidenten.

Reporter for NRK, Geir Helljesen, var på Island for dekka valet. Det var faktisk han som fortalte Finnbogadóttir at ho var blitt Island sin nye president.

– Det var lenge uvvist kven som kom til å bli valt. Før resultatet var klart, sa ho til meg at ho var trøytt og ville heim. Eg hadde jo ei reportasje å lage, så me vart einige om at eg skulle ringe ho når det kom ei avklaring. Klokka 04.30 såg eg at det gjekk vegen. Då ringde eg og fortalde at ho var verdas første demokratisk valte president, fortel Helljesen.

Sjå Helljesen intervjue Finnbogadóttir valnatta nedst i saka

Fekk enorm merksemd

Geir Helljesen

GEIR HELLJESEN: Det var tidlegare NRK-reporter Geir Helljesen som gav Finnbogadóttir nyheita om at ho vann valet.

Foto: NRK

Nyheita fekk enorm internasjonal merksemd. Mykje fordi ho var kvinne. Men at ho vart behandla annleis av den grunn har ho aldri følt.

– Nei, på ingen måte. Som president vart eg behandla med stor respekt. Eg trur folk heller var takksame for at det endeleg var ei kvinne som hadde denne posisjonen.

Då ho sat som president var det kring sju kvinnelege presidentar og statsministrar i verda. I dag er det 45.

Likevel meiner ho at det har vore ein tilbakegang i likestilling mellom kvinner og menn.

– Kvinner er først og fremst sexobjekt

Finnbogadottir

TOPPMØTE: I 1896 var det toppmøte på Island mellom USA og Sovjetunionen. På biletet er dåverande president i USA, Ronald Reagan, saman med Finnbogadottir.

Foto: Morten Hvaal / Scanpix

I løpet av dei 16 åra ho var president merka ho stor skilnad på korleis kvinner vart behandla i politikken.

– Eg hugsar fleire born på Island som såg Ronald Reagan på fjernsynet. Dei vart så forundra og spurte kvifor det var ein mann som var president og ikkje ei kvinne. Dei kjende jo ikkje til noko anna, ler den tidlegare presidenten.

– Det var jo ei positiv utvikling sånn sett, men i likestillingskampen har me ein lang veg å gå.

Faktisk meiner Finnbogadottir at det har vore ein tilbakegang i kvinnekampen.

– Sjå berre på løn. I 2014 tener kvinner framleis ikkje det same som menn. Samstundes tek kvinner høgare utdanning. Kvifor er det slik?, spør den tidlegare presidenten.

Men det ho meiner er det aller største problemet i forhold til likestilling i dag er objektivisering av kvinner.

– Det er ein peikefinger som stadig minner unge kvinner på at dei først og fremst er sexobjekt i denne verda.

– Noreg kan lære av Island

I samband med islandske litteraturdagar er ho i Bergen for å halda foredrag om språk. Ho fortel at Island har ein heilt unik måte å ta vare på sitt eige språk.

– Det er jo ingen hemligheit at språk stadig utviklar seg, no er det er blitt heilt vanleg å ta engelske ord inn i språket. Slik blir ord viska ut frå originalspråket.

– På Island tek me ikkje inn utanlandske ord. Me lagar eigne ord for alle nye ting som dukkar opp. Datamaskin kallar me for tölvu. Telefon kallar me for «sima». Og «Smartphone» kallar me for «snjaltsima».

– Her burde Noreg og andre land verkeleg sjå etter Island, smiler ho.

Video Vigdis Finnbogadottir valgt til president