Hopp til innhold

– Legg vekk drapssaka mot 13-åring

Påtalemakta har gitt beskjed om at dei legg vekk saka mot den 13 år gamle guten som drap fosterbror sin på Stord. Det får NRK opplyst.

Påtalemakta legg no vekk saka mot den 13 år gamle guten som drap fosterbror sin på Stord. Guten er framleis til vurdering av spesialister.

LEGG VEKK SAKA: Det er den unge alderen til gjerningspersonen, som gjer at statsadvokaten legg vekk saka. Guten som har innrømt drapet er 13 år gammal.

Statsadvokaten skal ikkje formelt ha lagt saka vekk, men NRK erfarer at dei har kommunisert avgjersla til partane. Dette var venta på grunn av den låge alderen til gjerningspersonen.

Det har gått ein og ein halv månad sidan guten blei pågripen for drapet på fosterbroren sin, i heimen i Sagvåg på Stord. Den drepne treåringen var fosterbarn i guten sin familie. Også faren til 13-åringen, og ei kvinne frå barnevernet var tilstades i huset den dagen. Etter at 13-åringen drepte treåringen, skal han ha ropt på far sin og deretter skada han slik at han
måtte til sjukehus og få behandling.

Politiet opplyste ei veke etter drapet at dei gjennom avhøyr og samtaler med guten, familien og omgangskretsen hadde fått eit godt bilete av hendinga.

Vil undersøkje guten vidare

Liv Kari Eskeland

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland.

Foto: Kristine Kongsvik / NRK

Han vedgjekk ugjerninga, og helsevesenet skulle bruke 10 dagar på å vurdere guten. Men framleis vurderer dei om han har ein diagnose, og kva dei skal gjere med han.

I heimkommunen veit dei ikkje kva som no vil skje.

– Han blir tatt godt vare på, og er under utgreiing. Det skal han ein periode til, seier ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.

Unik situasjon

Magnus Mjør

Rådmann i Stord, Magnus Mjør.

Foto: Kristine Kongsvik / NRK

Hendinga i Sagvåg skapte ein situasjon ingen i landet har opplevd før. NRK har snakka med både helsepersonalet som vurderer guten, og advokaten som er nemnd opp som verje. Dei vil ikkje stille til intervju, men opplyser at det vil ta fleire veker å få svar på om guten er sjuk og kva liv han skal få.

LES OGSÅ: Forsvarar: 13-åring har vanskar med å forklare motivet | Skal drøfta framtida til 13-åringen | Politiet vet hvorfor 13-åringen drepte | Er ferdig med etterforskinga av drapet

Det kan ende med at han kjem attende til lokalmiljøet på Stord.

– Dersom det skal bli løysinga vil vi få tid på oss til å rigge eit tilbod i samsvar til det, seier rådmann Magnus Mjør i Stord kommune.

Statsadvokaten henlegg saka

Statsadvokaten henlegg no saka fordi guten er berre 13 år.

Kva han har forklart om drapet på den tre år gamle fosterbroren blir verande skjult for omverda. Det meiner ordføraren folk på Stord har slått seg til ro med.

– Det er ein heilt spesiell situasjon og folk har slått seg til ro med at det nok ikkje er alle svar ein kjem til å få, seier Eskeland.