Forsvarsadvokaten fortel at han var saman med den 13 år gamle guten rett etter hendinga torsdag ettermiddag.
– Vi snakka roleg om det som hadde skjedd, han var heilt roleg, seier Steinsbø.
– Var forbausande roleg
Forsvarsadvokaten fortel at 13-åringen fortalde i detalj om kva som skjedde torsdag ettermiddag.
– Han var veldig detaljert i hendingsgangen og han snakka roleg om det som hadde skjedd, seier Steinsbø.
Steinsbø seier vidare at han er overraska over kor fatta 13-åringen var.
– Eg syns guten var forbausande roleg. Han har vanskar med å forklare kva motivet for drapet er, seier forsvararen.
Politiet vil avhøyre fleire vitne for å finna motivet
Lensmann Bernt Norvalls fortel at politiet no jobbar med å finne motivet for drapet. Han seier at dei jobbar med å avhøyre nære relasjonar, i tillegg til eit oppfølgingsavhøyr av 13-åringen.
– Det å finna ut kva som var motivet bak gjerninga er det som blir det viktigaste for oss å finne ut dei neste ti dagane, seier Norvalls.
Forstår lite av konsekvensane
Steinsbø seier at 13-åringen ikkje har noko spesiell sjukdomshistorie, og at han har inntrykk av at han hadde mange vener og trivst godt på skulen.
– Han hadde litt problem med språk i tidleg alder, men ikkje noko utagerande. Han står fram som ein hyggeleg og sympatisk 13-åring. Det som har skjedd er heilt uforståeleg, seier Steinsbø.
Advokaten seier at han har inntrykk av at den mistenkte guten forstår lite av kva konsekvensar hendinga vil få.
– Eg trur ikkje han forstår alvoret i det han har gjort. Det har nok ikkje gått opp for han enda. Eg trur heller ikkje han skjønar noko av konsekvensane dette vil få, men eg har prøvd å forklare at dette vil forandre kvardagen hans.
Ønskjer ikkje å snakke med nokon
Advokaten til den 13 år gamle guten seier at guten ikkje har ytra noko ønskje om å snakke med nokon, heller ikkje familien sin.
Forsvarsadvokaten seier at han har sagt til 13-åringen at han er tilgjengeleg 24 timar i døgnet.
– Eg har sagt at han kan ringe meg når som helst. Det har han og sagt at han vil gjere, men om det skjer veit eg ikkje, seier Steinsbø.