Hopp til innhold

Skal drøfta framtida til 13-åringen

Politiet skal torsdag møte barnevernet for å diskutere kva som skal skje vidare med 13-åringen som i førre veke drap sin tre år gamle fosterbror.

Stord pressekonferanse

Politiet skal møta barnevernet, BUP og settevergen til 13-åringen torsdag. Der skal dei diskutera korleis ein skal gå vidare i saka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I morgon skal politiet møte barnevernet, BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og settevergen, advokat Karsten Engedal, for å diskutere korleis dei skal gå vidare i saka.

Det er barnevernet og helsevesenet som må ta stilling til kva tiltak som skal setjast inn for 13-åringen framover.

Familien har flytta heim

Lensmann Bernt Norvalls på Stord opplyser i ei pressemelding at familien til 13-åringen har flytta heim att i huset i Sagvåg.

– Dei ønskjer fred og ro, og vi ber pressen ta omsyn til dette.

Sonen deira er til observasjon hjå BUP, som har ti dagar på seg til å greie ut om han. I neste veke må det vere klart kva som skal skje vidare.

Vil finne ut av motivet

13-åringen er under den kriminelle lågalder og kan difor ikkje straffast for drapet på den tre år gamle guten.

Norvalls seier dei held fram arbeidet med å avklara motivet for handlinga.

– Dette er eit tema som vil bli tatt opp på møtet torsdag. Det er viktig for alle involverte partar at samfunnet sitt behov for å informasjon er forenlig med rehabiliteringa som 13-åringen skal gjennom, skriv han i pressemeldinga.

13-åringens bistandsadvokat Kjell Steinsbø, sa til avisa Sunnhordland i går at han har fått høyre heile historia om kvifor guten gjekk til angrep på fosterbroren og deretter sin eigen far

– Han hadde ei trong til å fortelje meg dette, og har fortalt meg alt. Men eg og han har ein avtale på at det blir mellom meg og han, sa Steinsbø til avisa.