Hopp til innhold

– Geologane sine vurderingar er ikkje alltid avgjerande

Vegvesenet vedgår at dei fleire gonger har gått mot ekspertane sine stengingsråd.

Brann i Måbøtunnelen

DRAMATISK: Det var dramatiske scener i Måbødalen på riksveg 7 over Hardangervidda, då eit vogntog byrja å brenne 19. mai. Ingen personar kom til skade.

Foto: Gunvall Medhus

Knappe tre dagar etter brannen i eit vogntog i Måbøtunnelen 19. mai, opna Vegvesenet den brannskadde tunnelen på riksveg 7 for kolonnekøyring.

Det skjedde trass i at to geolograpportar konkluderte med at det ikkje var forsvarleg å sende trafikk inn i tunnelen.

– Geologane sine råd er sjølvsagt gjeve stor vekt, men det er ikkje alltid avgjerande eller gir endeleg utfall, fortel seksjonsleiar Lars Øyre i Statens vegvesen, region vest.

Store skader

Lastebilen som tok fyr vart fullstendig utbrent i brannen, og gjorde store skadar på kablar og sikringsplater inne i tunnelen.

Geologane ynskja ikkje opne tunnelen før det var sikra mot fallande stein i både vegger og tak.

Som NRK tidlegare har fortalt, førte opninga til eit internt opprør i Vegvesenet. Geologane reagerte kraftig på at dei ikkje vart lytta til.

Erfaringen fra tunnelbrannen er at det må være et bedre samarbeid mellom geologer og byggeledelse fra starten av. Tunnelen ble åpnet for trafikk av byggherre mot geologers anbefaling. Dette ble det gitt tydelig tilbakemelding på per telefon. På dette tidspunktet var store deler av det brannskadde berget i tunnelen ikke inspisert av geologer.

Geologene i internt notat
BRann i Måbøtunnelen

Svart røyk velta utover Måbødalen i Eidfjord då brannen herja på sitt verste 19.mai.

Foto: Lahlum, Petter Ettesvoll / NTB scanpix

– Ynskjeleg å ha med geologane

Ras- og skredfare pregar mange vestlandsvegar, og dei siste åra har det også vore fleire tunnelbrannar.

Kvar gong det rasar på vegane eller brenn i tunnelar, må geologane gjere vurderinga om når det er trygt å sleppe bilistane forbi igjen.

– Me har ikkje geologane me oss heile vegen. Undervegs oppdagar vi ting som vi gjennomfører, ut ifrå at me er trygge på det, seier Øyre.

På spørsmål om Vegvesenet tidlegare har gått mot stengingsråd frå geologane, svarar han:

– Du kan heilt klart sei at me har slike situasjonar.

Men hans overordna, avdelingsdirektør Olav Finne, gir eit anna svar.

– Eg vil tru at i nesten alle tilfelle vert geologane sine råd følgt heilt ut. Det er det som er ynskjeleg, nemleg å ha geologane me i risikovurderinga.

Finne understrekar at han meiner byggeleiinga gjorde ei forsvarleg vurdering av Måbøtunnelen og sørga for rensking og sikring slik geologane tilrådde.

Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.

Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ikkje nemnd i analysen

Men Statens vegvesen opna altså for trafikk i den sterkt brannskadde tunnelen på riksveg 7, utan å drøfta skriftleg at geologane meinte det var utrygt.

Åtvaringane frå geologane etter brannen, er ikkje ein gong nemnt i nokon av risikoanalysane, verken før eller etter at byggeleiinga valde å opna tunnelen.

Seksjonsleiar Lars Øyre fortel at geologane var informert og konsultert om at Måbøtunnelen ville opna for kolonnekøyring 22. mai.

– Dei var kjent med dei vedtaka som me var i ferd med å gjennomføra.

NRK har tidlegare spurt Vegdirektoratet om kva retningslinjer som finst for kor mykje makt geologane skal ha om dei ynskjer ein veg stengd. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen ynskja ikkje å svare, og kasta ballen tilbake til Vegvesenet, som svara:

– Kommunikasjon og samarbeid kan alltid bli betre, seier seksjonssjef Øyre.