Hopp til innhold

– Det blir hardt for borna å sjå ruinane

Familien prisar seg lukkeleg over at dei tok ei ekstra overnatting hos farmor i Aurland. I natt brann det nyoppussa huset deira ned til grunnen.

Utrebtn hus etter boligbrann i Voss

OVERTENT: Dette er synet som ventar familien Vike når dei i dag kjem heim frå juleferien til Voss.

Foto: Voss brannvesen

– Det har vore mange tankar, og ikkje mykje soving i natt, fortel Anne Merete Vike.

Ho hadde sett telefonen på lydlaus og var på veg i seng då politiet og naboar prøvde å få kontakt med ho. Vike og resten av familien på seks bur i huset som tok til å brenne natt til tysdag.

LES MEIR: Familie på seks mista huset i brann

Sjølv var Anne Merete, sambuaren og dei fire borna i tryggleik på juleferie Aurland.

Anne Merete Vike

SKAL SJÅ BRANNTOMTA: Anne Merete Vike tek med seg familien heim for å sjå på det nedbrende huset i dag. Kor dei skal bu, veit ho ikkje enno.

Foto: Privat

– Eg veit ikkje kva eg tenkte då telefonane kom, men det var berre flaks at vi ikkje var heime. Det var eit sjokk. Ungane vakna og var litt hysteriske. Det var litt av ei natt, fortel Vike.

Hadde pussa opp heile huset

Borna fekk raskt bilete av det utbrende huset frå vener og naboar på telefonane sine. I tillegg kunne dei tidleg sjå bilete av nattas flammeinferno på ulike nettaviser.

– Som vaksne blir ein nøydde til å halda hovudet kaldt sjølv om det svirrar ein del tankar i hovudet. Ungane har tatt det hardt, og har vore veldig lei seg. Dei har tenkt på alt dei har mista. Til og med ei badedrakt er nemnd som ein ting som blir sakna, fortel Anne Merete.

Ungane har tatt det hardt, og har vore veldig lei seg. Dei har tenkt på alt dei har mista.

Anne Merete Vike
Bustadbrann på Voss i Kytevegen

BRUTAL BRANN: Natt til tysdag mista familien Fidje Vike heimen sinn på Kyte i Voss. Sjølv var dei i tryggleik hos farmor i Aurland.

Foto: VOSS BRANNVERN

Familien har budd i det eldre huset i rundt sju år, og pussa det opp frå inst til yttarst. No kvir ho seg til den times køyreturen til brannruinane i Kytesvegen ved Voss.

– Det har nok ikkje sokke inn hos meg kva som har skjedd. Det trur eg ikkje skjer før vi kjem opp dit. Det blir nok hardt for ungane også å komma opp og sjå huset. Det blir annleis enn å sjå bileta, trur Vike.

– Dramatisk brann

Familien er spent på kva som kan ha starta brannen. Tysdag, når ruinane er blitt kalde, skal politiet setja i gang undersøkingar på staden.

– Området er sperra av. Utover dagen vil vi setja i gang med avhøyr av vitne som kom tidleg til staden for å danna oss eit best mogleg bilete av korleis dette gjekk føre seg, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

Han ønskjer ikkje å spekulera i kva som kan vera årsaka til brannen.

– Nei, vi veit lite om huset. Men det var ein brutal og dramatisk brann, seier Aarsand.

einebustad i brann voss