NRK Meny
Normal

– Butikkstreiken rammar skeivt

– Vi vert ramma urettferdig hardt og streiken kan velta økonomien vår, seier sjefen for Blomsterdekor-konsernet. Både blomsterbutikkar og bakeriutsal byrjar no å merka butikkstreiken økonomisk.

Streikende butikkansatte

ØKONOMISKE KONSEKVENSAR: Både bakeriutsal og blomsterbutikkar byrjar no å merka streiken i Handel og Kontor økonomisk.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er heilt utruleg at det vi har bygd opp i 28 år kan bli riven ned på så kort tid

dagleg leiar Frode Hatlevik i Blomsterdekor AS

– Det er frykteleg alvorleg for oss no, seier dagleg leiar Frode Hatlevik i Blomsterdekor AS.

55 bedrifter er ramma av streik etter at Handel og kontor og NHO ikkje vart einige om ny tariffavtale. 266 medlemer streikar, og krev same lønn som tilsette i butikkar organisert i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

Både bakeriutsal og blomsterbutikkar byrjar no å merka streiken i Handel og Kontor økonomisk.

– Utruleg lite heldig

Dagleg leiar Bernt Lie-Nielsen i bakeriselskapet Lie-Nielsen merkar at problema aukar.

– Eg blir sliten, dette var utruleg lite heldig, seier Lie-Nilsen.

Lie-Nilsen seier at det er særleg det fine sommarværet har gitt dårleg resultat for kafédrifta.

– Etter den fine sommaren har det vore dårleg med besøk ute på kafeane på shoppingsentera, så no må vi prøva å ta tilbake omsetninga. At det skulle bli streik no er svært uheldig og gjev økonomiske konsekvensar for oss, seier Lie-Nilsen.

– Er det kritisk for dykk?

– Nei, vi er nokre krigarar så det skal nok gå bra til slutt, seier Lie-Nilsen.

Trugar økonomien

Dagleg leiar Frode Hetlevik i Blomsterdekor AS seier at streiken trugar økonomien.

– Det gjev alvorlege konsekvensar for oss. Vi har ikkje oversikt kor mykje vi tapar, men det er store summar. For å seie det rett ut så har Handel og Kontor gått til angrep på Blomsterdekor konsernet. Dei rammar oss målretta, seier Hatlevik.

Han seier at i både Bergen, Askøy, Sandnes og Kristiansand har Handel og Kontor berre ramma hans blomsterbutikkar.

– Det er frykteleg alvorleg for oss når til dømes ein butikk i Bergen sentrum er stengt ned. Eg trur ikkje dei heilt veit rekkjevidda av det dei gjer. Tenk berre i Kristiansand. Der har vi nesten 80 prosent av sorgbinderiet i den byen, men vi får ikkje produsert noko og kvar einaste tilsett er ute. Då lurer eg på kven som kan gjere jobben, seier Hatlevik.

– Er det fare for at nokon av butikkane dine må leggjast ned?

– Ja, spesielt butikken i Sandnes. Den heng i ein svært tynn tråd og vi reknar med at den ikkje greier å stå imot denne streiken. Det er heilt utruleg at det vi har bygd opp i 28 år kan bli riven ned på så kort tid, seier Hatlevik.

Vil til forhandlingsbordet

Christopher Beckham

MÅ PRESSA: Nestleiar i Handel og Kontor, Christoffer Beckham meiner at medlemmene må pressa NHO til forhandlingsbordet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nestleiar i Handel og Kontor, Christoffer Beckham seier at streiken rammar Blomsterdekor fordi dei har mange medlem der.

– Vi har i utgangspunktet tatt ut bedrifter der vi har ein stor organisasjonsgrad. Desse vel vi fordi dei skal bli påverka og for å gjera at NHO kjem tilbake til forhandlingsbordet. Men det er også mange andre kjedar som er tatt ut i streiken, seier Beckham.

– Blomsterdekor og alle dei andre må pressa NHO til forhandlingsbordet, så kan streiken vera over i morgon, legg Beckham til.

Umogleg å handtera aukinga

Hatlevik seier at blomsterdekor er ei bransje som frå før har det økonomisk tøft.

– Den lønnsaukinga dei i år krevje kan ikkje handtera i eit jafs, seier Hatlevik.

Beckham meiner derimot at dei ikkje har gått inn og sagt at dei ønskjer ei stor auke frå dag ein.

– Vi har sagt at det kan gå over fleire år og at bedriftene kan få tid til å omstilla seg, seier Beckham.

– Er dykk redd for at medlemmane kan kome tilbake til ein stengt butikk som har mista driftsgrunnlaget?

– Eg håpar at våre medlemmar snart kjem tilbake i arbeid. Dei ønskjer å gjera det og ønskjer også å yta god service. Eg håpar at dørene er opne og at salstala går opp. Vi håpar at NHO tar kontakt så vi kan setja oss ned og ta ein prat med dei, seier Beckham.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.