Hopp til innhold

Her budde det fleire på 70-talet

NHH-professor meiner Bergen er i ferd med å tape. Dei siste 40 åra har det blitt færre innbyggjarar i sentrum av byen.

Utsikt fra Fløyen ut over Bergen sentrum

NEDGANG I FOLKETALET: Dei meste bynære strøka i Bergen har færre innbyggjarar i dag enn for 40 år sidan.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Dersom politikarane ikkje heng med i timen, er det Bergen sentrum som blir taparen, seier NHH-professor og Høgre-politikar Victor Normann.

For medan omlandskommunane til Bergen har hatt ein folkevekst på 120 % dei siste 40 åra, har den same veksten i Bergen vore på 40 %.

I dei mest bynære strøka i Bergen har det til og med blitt færre innbyggarar.

– Sentrum må få sin del

Victor Norman

REDD: NHH-professor og Høgre-politikar Victor Norman, fryktar Bergen sentrum vil tape om ein ikkje set inn tiltak for å auke folketalet.

Foto: NRK

– Vi må slost med nabokommunane om innbyggjarane. Vi må sikre at sentrum også får sin del av folkeveksten, seier professoren.

Bergen Næringsråd inviterte denne veka til ein konferanse om folketalsutviklinga i bergensområdet.

– Det eg fryktar mest er at bergensarane skal seie at nabokommunane er så interesserte at dei berre kan ta folka, seier Normann.

Terje Søviknes

GLIS: Os-ordførar Terje Søviknes vil ha bystatus. Folketalet i kommunen har auka kraftig dei siste 40 åra.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix
  • Filip Rygg

    VIL AUKE FOLKETALET: KrF-byråd, Filip Rygg, vil nytte områder som i dag blir nytta til havnelager og godsterminalar til bustadar og arbeidsplassar.

    LES OGSÅ: Barnefamilen klamrar seg fast i byen

Strilane vil bli byfolk

Naboane til Bergen stilte mannsterke opp. Med seg hadde dei sine visjonar for korleis dei skulle kapre innbyggjarar også i åra framover.

– Vi må la Bergen utvikle seg på det dei er gode på, og så skal vi bruke vår identitet på Os. På denne måten vil vi kvar for oss blir attraktive at vi klarar å trekkje til

seg oss innbyggjarar og næringsliv, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Os, Straume, Kleppestø og Knarvik er alle stadar dei ein forsøker å byggje byprega sentrum. Os arbeider også for å skaffe seg bystatus.

– Kommunen må ta tak

Normann meiner heile regionen vil tape dersom ikkje sentrum står opp og sikrar seg sin del av folkeveksten.

– Næringslivet i sentrum lir fordi det er for få folk i bykjerna, og for mange som bur langt unna, seier Normann.

Han får støtte av tidlegare leiar i Norske arkitekters landsforbund, Kjersti Nerseth.

– Det må vere fleire menneske som bur i sentrum i forhold til dei som reiser inn. Det kan kommunen gjere noko med, og det må dei også gjere, seier Nerseth.

Har mål om fleire folk i sentrum

Byråd for byutvikling, Filip Rygg, seier han er klar for konkurranse, og at han har eit klart mål om at fleire skal bu i sentrum.

Rygg vil nytte såkalla transformasjonsområder, områder som i dag blir brukt til havnelagring, godsterminalar og liknande.

– Desse områda skal i staden brukast til å bu, arbeide og leve. Det er ikkje slik at vi fryktar konkurransen, tvert i mot, seier KrF-byråden.