NRK Meny
Normal

– Airlift har gode rutiner

Luftfartstilsynet meiner Airlift jobbar godt med sikkerheit.

Airlift

Airlift.

Foto: Tor Ivan Karlsen

Airlift har i løpet av dei siste 15 åra vore involvert i ni ulukker, og fem av desse er dødsulukker . Totalt har 13 personar omkome i ulukker med Airlift-helikopter.

– Me jobbar dagleg med sikkerheitsarbeidet i Airlift, og me har en tett og nær dialog med Luftfartstilsynet, som er kontrollerande myndighet. Eg har inntrykk av at dei er tilfreds med arbeidet Airlift gjer på dette området, seier administrerende direktør Jonny Skoglund i Airlift til NRK.

Og Luftfartstilsynet synest Airlift gjer ein god innsats.

– Me har ingen opne avvik på Airlift og me gjennomførte operativ og teknisk tilsyn hos selskapet i veke 21 i fjor. Vår erfaring er at dei har gode rutiner, og at dei har jobba mykje med sikkerheit dei siste åra, seier kommunikasjonsrådgjevar i Luftfartstilsynet, Marit Kvarum.

21 ulukker på elleve år

Airlift sitt helikopter som var involvert i ulukka i Ullensvang var av typen AS 350. I løpet av dei siste elleve åra har denne typen helikopter vore involvert i 21 ulukker. Fire av desse ulukkene var dødsulukker.

– Me har ikkje oversikt over om denne typen helikopter er oftare involvert i ulukker enn andre typar. AS 350 er ein helikoptertype som er mykje brukt, seier Kvarum.

Det er registrert totalt 251 helikopter i Noreg og 54 av desse er av typen AS 350. Luftfartstilsynet gjennomfører årleg operative tilsyn på helikopter av denne typen, og tekniske tilsyn blir gjennomført anna kvart år.

Airlift bestemte seg i dag for å setta helikoptera sine på bakken , men frå i morgon av skal alle vera i trafikk igjen.

LES OGSÅ: – Kan være den alvorligste helikopterulykken på Fastlands-Norge

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo