Hopp til innhold

9-åring i rullestol vart vist vekk frå fotballbane

Mor rasar mot fotballklubb etter at hennar ni år gamle dotter i rullestol vart vist vekk frå fotballbanen to dagar på rad. Ho dreiv med uvørden køyring, svarar sportsleg leiar i klubben.

Nora i rullestol ble vist vekk fra fotballbane

Nora Oliva Tillung Meyer blei vist vekk frå idrettsanlegget på Lysekloster i Os kommune. Ho drev med uvørden køyring, meinte sportsleg leiar i Lysekloster IL. Diskriminerande, meiner mor Randi Helene Tillung.

Foto: Privat

Ni år gamle Nora Oliva Tillung Meyer har sete i rullestol sidan ho var halvtanna år. Jenta er aktiv og bruker mykje av fritida i parkområdet på Lysekloster idrettspark i Os kommune.

– Nora leika på banen med vener slik ho har gjort i alle år, og herja rundt som born plar gjera, seier Randi Helene Tillung, mor til Nora.

Fredag vart Nora vist vekk frå anlegget frå sportsleg leiar i Lysekloster IL.

– Diskriminering

– Han ropa frå andre sida av banen og bad Nora fjerna seg. Historia gjentok seg laurdag, då Nora fekk same beskjed frå nokre på tribunen. Dei meinte banen ville ta skade av rullestolkøyringa. Eg er heilt sjokkert, seier Tillung.

Sundag la ho ut eit innlegg på Facebook. Tillung meiner forbodet sportssjefen skal ha ytra bryt med diskriminerings- og tilgjengelegheitslova.

– Til meg har sportssjefen sagt at han vil visa vekk alle rullestolbrukarar, også dommarar som nyttar rullestol. Eg sa at me ikkje vil akseptera det. Dette er diskriminering, meiner Tillung.

Nora Meyer

Nora Oliva Tillung Meyer har sete i rullestol sidan ho var halvanna år gamal. Det var i ein slik rullestol ho leika då ho vart beden om å forlata Lysekloster Framo Idrettspark.

Foto: Privat

– Storm i eit vassglas

Sportsleg leiar i Lysekloster IL, Svein Kollen, stadfester at han viste vekk Nora fredag ettermiddag. Han meiner 9-åringen dreiv med uvørden køyring.

– Eg bad jenta halda opp med å køyra slik. Jenta dreiv med tullekøyring og hadde ungar bakpå, som fall av i fart. Me har gjeve jenta beskjed om dette tidlegare og har fått uromeldingar frå personar som har sett køyringa. Det går ikkje an, seier Kollen.

Han meiner kritikken er urimeleg og kallar saka for «storm i eit vassglas», og nektar for at han viste vekk Nora i frykt for at rullestolen skulle øydeleggja dekket.

– Me veit ikkje korleis dekket er konstruert for slik bruk av rullestol, men hovudsaka er frykta for at nokon skal koma til skade.

Kjenner seg urettvist behandla

Han viser til at Nora fritt får bruka kunstgrasbanen i skuletida, men at ho då er under oppsyn og difor ikkje får køyra «på uforsvarleg vis».

– Det er snakk om så stor fart at folk blir redde, seier Kollen.

Mor til Nora meiner det Kollen kallar råkøyring er harmlaus leik.

– Nora skal få vera med på leiken på lik linje med dei andre. Borna spring som born ofte gjer. Skal Nora koma etter i sniglefart? Det er ingen som skadar seg når dei køyrer rullestol i 10 kilometer i timen.

Nora sjølv er indignert av saka, fortel mora.

– Folk i lokalmiljøet er mållause. Nora tek ikkje offerrolla, men kjenner seg urettvist behandla.