TINE-trailer velta på Kvamskogen. Foto: Audhild Paus
Ein TINE-sjåfør opplevde måndag sitt verste mareritt.
Han var på vei over Kvamskogen i 1430-tida med bilen full av mjølk, då hengerhjulet kom ut over kanten og hengeren velta.
Dagsforbruk til 18000 personer
- Det var omlag 8900 liter mjølk som då rann ut or ei luke på hengeren. Det svarar til dagsforbruket til omlag 18000 personer, fortel informasjonssjef hos Tine Vest, Margrethe Myrmel Gudbrandsen.
Korkje sjåfør eller miljøet har lidd nokon skade.
- Det var store mengder mjølk som rann ut, men dette er eit reint naturprodukt som naturen godt kan tola. I tillegg har sterkt regnver skylt mjølka bort, seier Gulbrandsen.
Gret ikkje over spilt mjølk
- Det var eit litt kjedelig uhell, men no når vi har rydd opp etter oss, får vi verre nøgde tross alt, seier Gulbrandsen.