Klimaforskarar ved UiB og UNI Research kunne sleppe jubelen laus i dag. I ein konkurranse om finansiering frå det Europeiske forskingsrådet (ERC), vann dei fram med sin søknad om å forska på ismelting i Arktis.
– Dette er stort. Ingen prosjekt med norsk eller dansk deltaking har tidlegare nådd til finalen i Synergy-programmet, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret i ei pressemelding.
Kun tre prosent av søknadane vart innvilga, noko som betyr at fortidsklimaforskinga i Bergen held verdsklasse, legg Jansen til.
11 millionar kroner i året
Bjerknessenteret og UNI Research får mellom 50 og 60 millionar kroner fordelt over fem år. Det var søknaden Ice2Ice som vann fram i konkurransen, i kamp mot 450 andre prosjektsøknadar frå heile Europa. Kun 13 prosjekt fekk støtte frå ERC.
Klimaforskarane vil undersøka kva som skjer med isen på Grønland dersom sjøisen i Norskehavet forsvinn. Ein veit allereie at ein fekk ekstremt raske og store temperaturendringar på Grønland då sjøisen i Norskehavet brått forsvann under istidene.
- LES OGSÅ: | |
Dette fekk verknader på temperatur og nedbør, også over store delar av kloden. Spørsmålet i prosjektet er altså om noko liknande kan skje når sjøisen i Arktis forsvinn.
Milepæl for norsk forsking
UiB skriv i pressemeldinga at forskingskronene er ein milepæl for norsk forsking. ERC Synergy Grants er det mest prestisjefylte finansieringsordninga for forsking i Europa, med hard konkurranse på tvers av alle fag.
Forskingsprosjektet er eit samarbeid det Danske meteorologiske institutt og universitetet i København.