Hopp til innhold

- Tek på seg ansvaret for drapet

Den eldste av dei to brødrene som er sikta for drapet på Trond Kristian Johannessen har tilstått.

Montasje Trond Kristian Johannessen
Foto: NRK/politiet

Dei to brødrene blei pågripne for drapet seint måndag kveld denne veka. Fram til i går kveld har begge to nekta for å ha drepe Trond Kristian Johanessen .

Men, i går blei det for mykje for den eldste av dei to brødrene.

- Han har hatt ei smerteleg sorg på det som har skjedd, og klarte ikkje å holda dette tilbake lenger, seier advokaten hans, Einar Råen til NRK Hordaland.

- Er svært lei seg

I følge Råen er det hensynet til seg sjølv og sin familie, og til avdøydde sin familie, som gjer at 35-åringen nå tilstår å ha forårsaka Johannessen sin død.

- Han er svært lei seg for det som har skjedd, seier Råen.

- Seier han at han drepte Johannessen åleine?

- Av hensyn til politiet si vidare etterforsking så vil eg ikkje kommentera det, klienten min er inneforstått med at politiet nå vil etterprøva den forklaringa han har gjort, seier Råen.

Video Tilsto drapet på Johannessen.mp4

- Tek på seg ansvaret for det som skjedde

Politioverbetjent Bent Raknes seier den eldste broren tek på seg ansvaret for det som har skjedd.

- I avhøret erkjente den eldste av dei to brødrene at han var den rette gjerningspersonen, seier han.

- Seier han at han drepte Johanessen åleine?

- Han har teke på seg ansvaret for det som skjedde der ute, noko meir kan eg ikkje seia. Det er trass alt ein til som er sikta i denne saka, svarar Raknes.

Den yngste broren (29) skal avhøyrast over helga.

Kasta drapsvåpenet på sjøen

I avhøyra i går kom 35-åringen med opplysingar om både åstad og eit stikkvåpen som skal ha blitt brukt då Johannessen blei drepen.

- Me søker etter ein kniv som skal ha blitt kasta på sjøen på Laksevåg, seier Raknes til NRK Hordaland.

35-åringen skal ha forklart at drapet har skjedd utafor Carl Konows gate 36, der brødrene blei filma saman med Johannessen like før han døydde. Kriminalteknikarar undersøkte området i går kveld, utan å finna spor.

- Det er lite truleg at me finn spor etter drapet på sjølve åstaden, seier Raknes.