Hopp til innhold

Drapsoffer filma saman med sikta

Politiet har overvakingsbilete som viser Trond Kristian Johannessen saman med dei drapssikta brørne 20 minuttar før drapet.

Montasje Trond Kristian Johannessen
Foto: NRK/politiet

Brødrene som er sikta for drapet på Gyldenpris i Bergen førre fredag vart filma saman med drapsofferet 20 minutt før han vart drepen.

Det syner bileter frå eit overvakingskamera i byen.

Krangla med dei sikta

Bileta syner det politiet meiner er ein krangel mellom brødrene og Johannesen.

Det skriv Bergens Tidende i papirutgåva i dag.

Klokka 16.19 fredag ettermiddag 25 juni fekk politiet melding om ein blødande mann på ein busstopp ved Puddefjordsbrua i Bergen sentrum.

Rundt 20 minuttar tidlegare vart dei to drapsikta brørne og offeret, Trond Kristian Johannessen, fanga opp på eit overvakingskamera i Carl Konows gate 36, som ligg nært busstoppen der Johannessen segna om.

Carl Konows gate 36

Det er i denne bygningen at drapsofferet er filma saman med dei to brørne som er sikta for drapet.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Det er tidspunktet på overvakingsbileta som syner dette.

Johannessen døydde av blodtap etter å ha blitt knivstukke.

Politiet har ikkje overvakingsbilete av at Johannesen vert stukken i brystet. Heller ingen vitne har sett dette.

LES OGSÅ: Brødrene fengslet for fire uker | To døgn i fyllearresten etter drapet | – Mistanken er ikke svekket | - Har det ikke godt nå | Beinbrudd og avkappede fingre i rusmiljøet i Bergen | Brødre nekter for drap | Brødre pågrepet for drap | - Politiet jakter navngitt mann | - Politiet jakter navngitt mann | - Flere personer vi vil snakke med