I dag er det 30 år sidan «Deep Sea Driller»-ulukka, der ein borerigg forliste ved Fedje og seks menn omkom.
Ville ha full gjennomgong
For to år sidan bad Stortinget om ein full gjennomgong av hendinga.
Lite har skjedd så langt, og pådrivar Hallgeir Langeland i SV seier han har vore i kontakt med justisminister Knut Storberget om saka fleire gongar.
Han meiner dei pårørande fortener svar.
- Dei etterletne må få alle korta på bordet, seier Langeland.
Hentar inn informasjon
I dag seier avdelingsdirektør Magnus Skaar i Justisdepartementet at dei innhentar informasjon for å sjå nærare på kva dei skal gjera vidare.
- Me må danna oss eit bilete av saka før me kan vita korleis saka skal handterast vidare. Det tek lang tid når me skal vera så grundige, fortel han.
Her livbåten der nokre av dei overlevande var. Båten blei skylt i land på eit svaberg i Aurihopen 3-4 kilometer nord for ulukkesstsden. (Arkivfoto: NTB korr / SCANPIX)
Første store ulukka
Det var i 1976 riggen gjekk på grunn i ein storm ved Fedje. Riggen var då på veg frå Frigg-feltet for overhaling i Bergen.
Mannskapet på 50 redda seg om bord i ein overbygd livbåt, som ikkje kunne manøvrerast sikkert innanfrå.
Sju menn måtte difor sitja på livbåtdekket. Seks av mannskapet blei tekne av ein brottsjø, blant dei kapteinen.
«Deep Sea Driller» var den første store ulukka på norsk sokkel.