NRK Meny
Normal

15-åring ikkje lenger kritisk skadd

Tilstanden er alvorleg for seks av dei ti involverte i frontkollisjonen i Øygarden fredag.

Frontkollisjon.

FRONTKOLLIDERTE: To bilar med til saman ti personar frontkolliderte nord for Rongesundet bru på fylkesveg 561 fredag ettermiddag. Tilstanden til ein 15 år gamal gut er kritisk.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ein 15 år gamal gut blei først meld som kritisk skadd etter den kraftige frontkollisjonen ved Rongesundet bru fredag ettermiddag. Søndag endra Helse Bergen tilstanden til guten til alvorleg. Han er ikkje lenger i livsfare.

Helse Bergen melde laurdag kveld at tilstanden til fem av dei ni andre involverte er alvorleg.

Fleire born blant dei skadde

To gutar på 10 og 16 er alvorleg skadde. Ein mann i 70-åra, ei kvinne i 60-åra og ein mann i 40-åra er også alvorleg skadde.

Ti personar var involverte i ulukka. Ein 9 år gamla gut, ein 27 år gamal mann og ei kvinne i 60-åra er lettare skadde. Fredag opplyste sjukehuset at ein 14 år gamal gut er lettare skadd.

Alle er innlagde ved Haukeland universitetssjukehus, melder sjukehuset laurdag kveld.

Kalla inn ekstra mannskap

Kommunikasjonsrådgjevar Jan Kåre Austrheim ved Haukeland opplyste i ei pressemelding fredag kveld at sjukehuset kalla inn ekstra mannskap i samband med frontkollisjonen.

Sjukehuset har kontroll og elles god kapasitet, opplyste Austrheim.

Kollisjon Øygarden

FRONTKOLLISJON: Seks personar er alvorleg skadde etter ei ulukke ved Rongesundet bru i Øygarden fredag. Ti personar var involverte i ulukka.

Foto: Silje Mari Malmedal Alden

To bilar frontkolliderte på fylkesveg 561 like nord for Rongesundet bru i Øygarden i går ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.35. Ti personar var involverte i ulukka.

Politiet omtala frontkollisjonen som kraftig.

Helikopter Øygarden

UTRYKKING: Seks ambulansar og to luftambulansar rykte til Rongesundet bru i Øygarden. Fleire av dei involverte vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med helikopter.

Foto: Silje Mari Malmedal Alden

– To kritisk skadde

Innsatsleiar Frode Listøl i Vest politidistrikt opplyste til NRK fredag kveld at to av borna var kritisk skadd.

– Ambulansepersonell omtala to av borna som kritisk skadd. Borna vart sende til sjukehus i ambulansehelikopter. Ytterlegare tre er alvorleg skadd og fem er lettare skadd, opplyste innsatsleiaren.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik