Episodane skal ha skjedd i Åsane og Bergen sentrum på onsdag.
13-åringen har vedgått eitt av rana, skriv Åsane Tidende.
Væpna med brevkniv
Den 13 år gamle guten skal ha prøvd å truga til seg pengar frå ein eldre mann med ein brevkniv like ved Åsane Idrettspark. Då mannen sleppte hunden sin laus, la 13-åringen på sprang.
Dette var truleg den femte personen tenåringen forsøkte å rana på ein og same dag.
Gamal kjenning av politiet
Politiet kom raskt til staden og starta jakta på den mistenkte. Ikkje lenge etter blei ein mistenkt pågripen.
- Guten er enno ikkje fylt 14 år, og er diverre allereie ein gamal kjenning av politiet. Han blir teke hand om av barnevernet, men rømmer stadig, fortalte politiets operasjonsleiar Svein Bruarøy til BT på onsdag.
Maskert med finlandshette skal guten natt til onsdag ha trukke fram ein stor kjøtkniv i Gågaten, og forsøkt å rana tre kvinner.