Hopp til innhold

124 år gamalt vassrøyr brast – fleire husstandar utan vatn

Fleire husstandar i Sandviken i Bergen er utan vatn etter at ein vassleidning frå 1893 gjekk lekk.

Store vannlekkasjer i Sandviken

HEKTISK: Brann, politi og tilsette i Bergen Vann brukte i overkant av to timar på å stenga av vasslekkasjen i Sandviken i Bergen. Det er uvisst kor mange som er utan vatn.

Foto: Bergen foto og media

– Det er ein stor leidning som må reparerast, seier fagleiar Frode Henne i Bergen Vann.

Klokka halv fire torsdag morgon fekk vaktsentralen i Bergen kommune melding om ein omfattande vasslekkasje ved fylkesveg 585 i Sandviken.

Laster Twitter-innhold

Store vassmengder

Fleire brannbilar rykte ut i lag med Bergen Vann for å sikra vasstraumen til stikkrenner og kummar. Store mengder vatn rann inn under den gamle reperbanen. I tillegg fekk eit hus i Sandviksbodene mindre vasskadar.

Vannlekkasje ved Sandviksbodene i Sandviken

RANN INN: Vassmengdene fann vegen over denne dørstokken i Sandviken.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det var ein stor vasslekkasje. Men det ser ikkje ut til at nokre bygg har teke særleg skade, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt.

Litt før klokka 6 fekk mannskap frå vaktsentralen stengd av brotet. Resten av dagen går truleg med til å reparera brotet. Kjelda til problemet stammar frå 1800-talet.

– Røyrleidningen som gjekk lekk er frå 1893. Me har ein del av desse i Bergen, seier Henne i Bergen Vann.

Frode Henne i Bergen Vann

FAGLEIAR: Frode Henne i Bergen Vann seier vassleidningen er frå 1893. – Absolutt eit røyr frå den perioden me slit mest med.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nær hundre bustader utan vatn

Torsdag føremiddag opplyser Bergen Vann at 90 abonnentar er råka. Desse er utan vatn og vil få tilgang til vasspostar med tappekranar som plassert ved Amalie Skramsvei.

Fagleiar Helle seier at husstandane truleg må belaga seg på å vera utan vatn deler av torsdag. Arbeidet er venta å vera ferdig i løpet av ettermiddagen eller kvelden.

– Dette brotet er såpass omfattande at det vil nok gå utover dagen.