Hopp til innhold

1. mai-toget i Odda kan ryka

I dag blei det klart at Odda Musikklag ikkje vil stilla i toget, og LO-leiar Nils Johan Ystanes i Odda fortel at dei no vurderer å droppa heile toget.

Odda Musikklag
Foto: Torgeir Beck Lande / NRK

- Det viktigaste for oss er ikkje musikken, men utan musikken får me ikkje fram parolane og bodskapen slik me ønskjer, seier Ystanes.

Utkastinga frå det kommunale øvingslokalet er årsaka til at korpsa i Odda nektar å spela i 1. mai-toget.

 

Tinga korpset for seint

- Me nekta å spela grunna vedtaket som er gjort om å stengja øvingslokala frå 1. juli. Me har ikkje fått nye alternativ frå kommunen, og me er jo avhengige av eigna øvingslokale, fortel Randi Landa, some er leiar i Odda skulekorps.

At det ikkje blir musikk på sjølvaste 1. mai i industrikommunen Odda, har også meir praktiske årsaker.

-1. mai-komiteen var jo lovleg seint ute med å tinga oss. Me er klare over at det er ein tradisjon at me skal spela toget, men å koma tysdagen veka før er er litt seint. Borna må få beskjed i alle fall ei veke på førehand, meiner Landa.

Klart i løpet av torsdagen

LO-leiar Ystanes har forståing for korpsa sine synspunkt, men er likevel skuffa over at dei nektar å spela.

-  Eg hadde håpa at det kom ei løysing før 1. mai, og at me kunne fått med oss denne tradisjonen vidare, seier han.

Det blir i løpet av torsdag klart om det blir 1. mai-tog i Odda.