NRK Meny
Normal

- Risikogruppene i Bergen får vaksine

Men massevaksineringa mot svineinfluensa kan bli utsett etter uhellet i Belgia.

Vaksinering
Foto: Frank Augstein / Scanpix/AP

Tidlegare i dag blei det kjent at 170.000 vaksinedosar blei øydelagde hjå den belgiske vaksineprodusenten.

Norske styresmakter hadde bestilt 370.000 vaksinedosar, og Berit Feiring i folkehelseinstituttet sa at tapet av 170.000 dosar ville gå utover risikogruppene i Norge.

Får nye vaksinedosar dei neste dagane

Robert Rastad

Robert Rastad, informasjonsdirektør i Bergen kommune.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Men i Bergen vil risikogruppene bli vaksinert som først planlagt, skriv Bergen kommune i ei pressemelding i dag.

Vaksinane som blei øydelagde skulle sendast ut til kommunane i veke 46.

- Me er blitt lova nye vaksinar i løpet av dei næraste dagane, og så snart dei kjem vil me starta opp att tilbodet om vaksinering av dei definerte risikogruppene, seier informasjonsdirektør Robert Rastad i Bergen kommune.

Rastad seier at dei øydelagde vaksinedosane i Belgia fyrst og fremst kan komma til å gå utover massevaksineringa i Bergen.

- Massevaksineringa mot svineinfluensa i Bergen kan bli utsett, seier han.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.