Hopp til innhold

Uroa for at kinotilbodet blir dårlegare

Eigarane av Bergen kino tek ut eit ti millionar høgt utbytte samtidig som dei tilsette klagar på arbeidstilhøva. – Dette går utover publikum, seier Arbeidarpartiet.

Arbeiderpartiet fryktar at kinotilbodet i Bergen blir dårlegare. 
Grunnen er at eigarane - Bergen kommune og SF Kino - tek ut rekordhøgt utbytte - samtidig som dei tilsette klagar på arbeidstilhøva.

Siw-Anita Lien, kommunalråd Bergen (Ap)

PUBLIKUM TAPAR: Det meiner bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Bergen kommune, Siw-Anita Lien.

Foto: privat

I førre veke blei det kjent at Bergen kino må levere frå seg ti millionar i utbytte til eigarane Bergen kommune og Svensk filmindustri.

Dette må dei gjere sjølv om Bergen kino har eit driftsresultat på snaue 1,3 millionar. Arbeidarpartiet er uroa for at dette vil gå ut over tilbodet til publikum.

– Publikum kan mellom anna tape på at dei blir servert eit mindre utval av filmar, og ved at salane ikkje blir godt nok rydda slik som dei tilsette har åtvara mot.

– Servicen kan også bli dårlegare på grunn av at dei tilsette må jobbe på mindre tid, seier Siw-Anita Lien, bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: Bergen Kino blir del av ny gigant - Hordaland

– Eigarane sitt privilegium å ta ut utbytte

Dei tilsette ved Bergen kino sa sist veke til BT.no at dei er redd for at kvaliteten på Bergen kino er blitt dårlegare på grunn av krav om høgare inntening.

Elisabeth Hansen

– UTBYTTE NO ER FORSVARLEG: Direktør ved Bergen kino, Elisabeth Hansen, avviser at eit krav om auka inntening frå eigarane, er årsaka til underbemanninga.

Foto: NRK

Ifølgje dei tilsette slit kinoen med underbemanning som fører til skitne salar og lange billettkøar.

Direktør ved Bergen kino, Elisabeth Hansen, avviser at eit krav om auka inntening frå eigarane, er årsaka til underbemanninga.

– Me har vore gjennom ei omstilling i 2014 der me har tatt over drifta av kioskane og samla billettsal og kioskdrift. Ei slik omstilling kan vere krevjande.

– Forstår du at folk blir uroa for kvaliteten når eigarane tek ut så stort utbytte?

– Desse to tinga heng ikkje saman. Det er eigarane sitt privilegium å ta eit utbytte frå selskapet dei eig. Å ta ut eit slikt utbytte er forsvarleg innan den økonomien Bergen kino har.

LES OGSÅ: Får ikkje innsyn i kinosalsavtale - Hordaland

– Påverkar ikkje drifta

Liv Røssland

– PÅVERKAR IKKJE DRIFTA: At eigarane tek ut 10 millionar frå Bergen kino går ikkje ut over publikum, meiner finansbyråd i Bergen kommune, Liv Røssland.

Foto: Sølve Rydland

Heller ikkje på Rådhuset er dei uroa for at publikum skal få eit dårlegare tilbod etter at eigarane tek ut ti millionar kroner.

– Det påverkar ikkje drifta. Bergen kino er ein god og effektivt driven kino, seier finansbyråd i Bergen kommune, Liv Røssland.

– Dette handlar om eit ekstraordinært utbytte fordi kinoen har mykje eigenkapital.