Hopp til innhold

Bergensarane får ikkje innsyn i avtalen bak kinosalet

Byrådet i Bergen vil selja 49 prosent av aksjane i Bergen kino. Men premissane for salet vert halde hemmeleg.

Bergen Kino

VERT DELVIS SVENSK: Berre vedtaket i Bergen bystyre står att før 49 prosent av aksjane i Bergen kino vert selde til svenske SF Kino AS.

Foto: Daniel Clements/Designers Saturday Awards

– Dette betyr at ingen andre bergensarar får innsyn i premissane for privatiseringa av kinoen, seier Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet.

Han reagerer på at sentrale dokument vert halde hemmelege når Bergen Kino skal delprivatiserast.

Tysdag offentleggjorde byrådet den endelege innstilling i saka der fleirtalsregjeringa i byen går inn for å selja nær halvpaten av aksjane i Bergen Kino AS til svenske SF Kino AS, som erden største kinoaktøren i Norden. Prislappen er på 88 millionar kroner.

LES ÒG: Kven skal eige norske kinoar?

Vil ikkje offentleggjera

I saka vert det slått fast at kommunen ikkje vil offentleggjera innhaldet i akjonæravtalen eller aksjekjøpsavtalen med svenske SF Kino. Kinosalet har hausta stor debatt og møtt mykje motstand i kulturlivet i Bergen.

Mange har frykta eit mindre smalt og meir kommersielt filmtilbod.

No er det altså berre dei folkevalde i byen som får sjå alle premissane for det omdiskuterte salet. Debatten i Bystyret vil og gå bak lukka dører, så sant nokon av representantane ønskjer å gå konkret inn på innhaldet i aksjonæravtalen eller aksjekjøpsavtalen.

– Har krav på innsyn

Harald Schjelderup

REAGERER: Gruppeleiar i Arbeidarpartiet Harlad Schjelderup reagerer på at bergensarane ikkje får fullt innsyn i salet av kinoaksjane.

Foto: NRK

At avtalen vert hemmeleghalde får opposisjonen til å reagera.

– I ei sak der byen sitt mest besøkte kulturtilbud skal privatiserast meiner me at bergensarane heilt klart har krav på fullt innsyn, seier Schjelderup.

Leiaren for det største opposisjonspartiet i byen meiner byrådet, om dei ville, kunne ha bidrege til ein aksjonæravtale som hadde tålt offentleggjering.

– Det er ingen grunn til å la SF Kino sitt ønskje om hemmeleghald gå framfor bergensarane sine interesser. Så indirekte bidreg byrådet til at denne saka ikkje fullt ut kan debatterast ope, meiner Schjelderup.

HØYR: Bergen og Oslo vil privatisere kinotilbodet

– Eit sminka salsbrev

Schjelderup meiner og at saksutgreiinga ikkje drøftar motargumenta i tilstrekkeleg grad.

– Når anten ein rådmann eller eit byråd legg fram ei sak er det eit krav at saka skal vera godt opplyst, og at for- og motargument kjem godt fram.

– Dette er eit reint sminka salsbrev som argumenterer for sal. Me har altså eit byråd som ikkje er vaksne til på ein sakleg måte gå inn på dei ulike motførestillingane.

Avviser krav om offentleggjering

Den svenske oppkjøparen, som òg har store planar for kinodrift i Oslo, har tydeleg bede om at avtalen ikkje vert offentleggjort. Gjennom advokaten sin ber kinoselskapet om at alle krav om innsyn vert avviste:

«Det vil være svært uheldig for SF Kino AS om innholdet av avtalene ble kjent, ikke minst fordi dette vil kunne utnyttes av selskapets konkurrenter i andre transaksjoner. På denne bakgrunn ber vi om at Bergen kommune (evt. Bergen Kino AS) avslår kravene om fremleggelse av avtalene», skriv Liv Aandal.

Kommuneadvokat Helge Strand stadfestar at avtalen kan hemmeleghaldast.

«En aksjeavtale og aksjonæravtale vil konkret kunne gi opplysninger om hvor langt man har villet strekke seg i en forhandlingssituasjon. Vi antar at opplysninger om dette vil kunne være av betydning for SF Kino sine konkurrenter i andre saker», skriv kommuneadvokaten

LES ÓG: SF Kino er lagt ut for sal

Liv Røssland

UPROBLEMATISK: Finansbyråd Liv Røssland frå Framstegspartiet meiner hemmeleghaldet er naturleg og uproblematisk.

Foto: NRK

– Uproblematisk

Finansbyråd i Bergen Liv Røssland frå Framstegspartiet forsvarar at avtalen ikkje vert gjort tilgjengeleg for pressa og mannen i gata.

– Eg forstår at opposisjonen lagar eit poeng av det, men eg ville trudd at dei forstod at dette gjeld private aktørar og me har henta inn uttaler frå kommuneadvokaten, seier Røssaland.

– Men er det uproblematisk at ein ikkje får ein offentleg debatt på premissane bak salet?

– Denne saka vert ikkje avgjort utan offentleg debatt. Det vil vera nokre punkt, mellom anna aksjonæravtalen, som ikkje kan leggast ut offentleg, men som vil vera offentleg for bystyret, seier Røssland.

LES ÒG: Skal bygge ny storkino i Oslo

Meiner avtalen er god

Finansbyråden meiner avtalen med det svenske kinoselskapet vil gje bergensarane ein betre kino. Ho går ikkje med på at byrådet har sminka utgreiinga om kinosalet.

– Me har fått til ein svært god avtale. Me har fått inn ein aktør som kan kino, og som vil vera med saman med Bergen kommune og utvikla kinoen vidare, seier Røssland.