Hopp til innhold

Vil ikkje selje Bergen Kino til ny «europeisk kinogigant»

Ap-politikar Harald Schjelderup meiner bystyret må utsetje vedtaket om å selje kinoaksjane til SF Kino, etter at 60 prosent av filmselskapet no er blitt selt.

Magnus Barfot

KINOEN BLIR NORDISK: Den nye minoritetseigaren i Bergen Kino, SF Kino, er selt til svensk investeringsselskap.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Det svenske selskapet Bonnier har selt 60 prosent av SF Kino til Ratos, som driv det finske kinoselskapet Finnkino, skriv Bergens Tidende i føremiddag.

Verdien av den nye nordiske kinogiganten er vurdert til å vera tre milliardar svenske kroner.

Tidlegare har SF Kino skrive under ein avtale om å kjøpa 49 prosent av aksjane i Bergen Kino, ein avtale Harald Schjelderup i bystyret for Arbeiderpartiet er motstandar av.

Vil utsetje vedtaket

– Det borgarlege fleirtalet ønskte i utgangspunktet å selje til ei svensk kinobedrift. No ser vi konturane av noko mykje større, og truleg enno meir kommersielt.

Er dette noko vi ønskjer i Bergen? Vi meiner nei, seier han til NRK.no.

Onsdag skal Bergen bystyre ta stilling til om kommunen skal selja 49 prosent av aksjane til SF Kino for 88 millionar kroner.

Nyhenda om at selskapet vert slått saman med Finnkino i ein ny europeisk kinogigant, gjer at Schjelderup og Arbeiderpartiet meiner bystyret må utsetja vedtaket om sal av Bergen kino.

– Må tenkje seg om ein gong til

– Slik får byrådet og det borgarlege fleirtalet i Bergen ein moglegheit til å tenkje seg om ein gong til.

Men er ikkje det berre å utsetje det uunngåelege?

– Nei. Å selje kinoen no til det vi ser er konturane av ein europeisk kinogigant, er ikkje noko vi gjer over natta. Vi må tenkje oss om ein gong til, slår Schjelderup fast.