og Asle Hella
Berre tre av partia i Bergen har innvandrarar som kandidatar; Sosialistisk Venstreparti, Rød Valgallianse og Arbeiderpartiet.
- Vi er ein byrde
- Eg veit ikkje kven eg skal røyste på. Det seier studenten Erik frå Uganda. Han har budd meir enn tre år i Noreg og har difor røysterett. Ein annan innvandrar seier at politikarane ser på dei som ein byrde.
Leiar for Det felles innvandrerråd i Hordaland, Yaw Appiah Adjei, trur at svært få av innvandrarane kjem til å røyste ved valet.
- Politikarar må søkje kontakt med innvandrarane. Eg kjenner innvandrarar som aldri har snakka med ein politikar.