Hopp til innhold

- Fjord Line ikkje i krise

Sjølv om Fjord Line skuldar nærare fire millionar kroner i hamneavgifter og har inkassokrav på nær ein halv million kroner, ser selskapet lyst på framtida.

Fjord Line Jupiter
Foto: NRK

Administrerande direktør Ove Johan Solem seier selskapet har vore gjennom ei vanskeleg tid, men avviser at Fjord Line er i ein krisesituasjon.

- Det har vore ein knalltøff periode i vinter, men eg tykkjer det blir feil å kalla det ei krise, meiner han.

Tidlegare i dag blei det kjend at selskapet skuldar nær fire millionar kroner berre i hamneavgifter.

Selde selskapet

I tillegg har selskapet fått nærare tjue inkassokrav mot seg, på til saman nær ein halv million kroner.

- Høsesongen er no igong, og då er Fjord Line i ein heilt annan posisjon, meiner Solem.

Den førre eigaren, Troms fylkesbåtar, var heller ikkje nøgd med resulatata i Fjord Line, og selde selskapet til bergensselskapet Nordsjøferger i fjor haust.

Saman med dei nye eigarane har Fjord Line ifølgje Solem tilpassa seg ein ny konkurransesituasjon.

Pressa av lågpris-tilbod

- Lågpris-tilboda frå flyselskapa stiller heilt andre krav til oss. Difor har Fjord Line jobba aktivt i 2005 og 2006 med å skapa ein anna kostnadsbase for det me held på med. Sånn sett er Fjord Line svært mykje betre rusta enn for eit år sidan, meiner han.

Men det er ikkje berre flyselskapa som skapar problem for Fjord Line.

Dei meiner Color Line har dumpa prisane og at dei difor driv ulovleg, og har klaga konkurrenten inn for Konkurransetilsynet.

Kva tilsynet meiner, er enno ikkje klart. I mellomtida lover Solem at kredittorane skal få pengane sine.