- Alle desse fuglane får jo brått ingenting å eta når folk ikkje tør å mata dei, meiner veterinær Nils Reither.
Åtvara mot fuglemating
Bakgrunnen for veterinæren sitt fugleforsvar er at Bergen kommune har gått ut og åtvara mot mating av duer og ender i parkane.
Reither meiner det følgjer eit ansvar med slike åtvaringar.
- Ein burde jo tenkja dyrevern. Eigentleg burde kommunen stengd av ein del av Festplassen, og hatt ein stad der dei mata desse fuglane, seier han.
Mattilsynet skeptisk
Også Mattilsynet meiner kommunen gjekk vel langt i sine åtvaringar, og kalla inn til møte i går ettermiddag.
Konkluksjonen der var «Berre sjå, men ikkje rør. Mat dei, men ikkje ta på dei.» Det er regiondirektør for Mattilsynet i Hordaland og Sogn og Fjordane, Roald Waage, sin instruksjon til korleis ei and skal matast.
- Det kan jo vera greit å åtvara folk, og gjera dei merksame på kva som kan koma. Til dømes er det greit å opplysa om god handhygiene, seier Waage.
- Kan skapa eit problem
Men noko forbod mot fuglemating er førebels ikkje aktuelt. Veterinær Reither fryktar likevel at folk allereie er skremde.
- Det er ikkje smitte i Noreg, og det er ikkje noko fare for menneske. I verste fall hindrar ein ikkje her eit problem, men ein skapar eit nytt, fortel han.