I ein statusrapport for kyst og havbruk som Havforskningsinstituttet i Bergen publiserte nyleg, vert det stilt spørsmål om kvaliteten og hygienen på norsk fisk er god nok.
Haldningsendring
Stipendiat ved instituttet, Trine Haugen meiner sjømatnæringa må endra seg.
- Det trengs ein haldningsendring i den norske fiskeindustrien frå fiskebåten og heilt inn i butikken, hevdar ho.
Illustrasjonsfoto: NRK
Strengare krav
Ho seier at bakterienivået på fisken må ned for å møta framtidige krav om kvalitet. I Europa er sjømat sett på som eksklusiv mat, og dette har byrja å visa seg i Noreg.
- Men det er ikkje farleg å eta norsk fisk i dag, påpeikar Haugen.