Hopp til innhold

Under ein fjerdedel av plasten blir nye produkt

LILLEHAMMER (NRK): Mange av oss sorterer ut plastavfallet og leverer det inn slik at det kan bli til brukt opp att. Men berre ein liten prosent av det vi leverer blir smelta om til nye ting.

Elisabeth Haukaas Bjerke, GLØR

PLASTBUNT: Elisabeth Haukaas Bjerke viser fram hushaldsplasten som er pressa saman i store buntar.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det som er bra med at folk leverer inn plasten sin er at vi får det ut av krinsløpet. Det hamnar ikkje i magen på ein kval eller på avvegen. Alt blir gjenvunne på ein eller annan måte, seier marknadssjef, Elisabeth Haukaas Bjerke i Gausdal, Lillehammer og Øyer Renovasjon (GLØR).

I Noreg kastar ein person i snitt 15 kilo plastavfall i året, men vi er blant dei flinkaste til å levere plastikken vår til gjenvinning ifølge Haukaas Bjerke.

Ein liten prosent kjem att

Så lite som 22–23 prosent av den plasten dei får inn på miljøstasjonane blir brukt i nye plastprodukt. Den reinaste plasten som vi finn i til dømes sjampoflasker, bereposar, kanner og landbruksplast egnar seg til å bli resirkulert. Men mykje av det vi kastar i plastdunken vil ikkje kunne brukast på nytt.

– Den plasten som er utanpå ost til dømes inneheld blant anna eit såkalla laminat for å halde pakninga tett. Det er ikkje heilt rein plast og egnar seg dårleg til å bli resirkulert, seier Haukaas Bjerke.

Plastavfall

KLARE: Buntane med plast er klare for å reise til Tyskland eller Finland. Men under ein fjerdedel av dette vil komme att som noko nytt.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Ho seier det vil bli for komplisert for forbrukarane å sortere ut berre det som kan bli nye produkt. Det enklaste er å kaste all plast i same dunk, og det som ikkje får nytt liv kjem i staden att som energi.

Må sendast til utlandet

Plasten blir pressa saman i store buntar og henta av Grønt Punkt som køyrer det til sorteringsanlegg i anten Nord-Tyskland eller Finland. Der har dei maskinar som går gjennom plasten og plukkar ut det som skal smeltast om.

– Noreg er så lite at vi ikkje kan ha den type sorteringsanlegg her, seier Haukaas Bjerke.

Opptekne av miljø

Christel Lium Nygård og familien i Lillehammer kommune og leverer hushaldsplasten sin kvar fjerde veke. Den unge familien er opptekne av å ta vare på miljøet.

Christel Lium Nygård, plast

MILJØBEVISST: Familien til Christel Lium Nygård ville sortere plasten av omsyn til miljøet.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg såg ei reklame om kor mykje energi det eigentleg er i ei ketchup-flaske, og då tenkte eg at vi verkeleg burde sortere plast av omsyn til miljøet, seier Lium Nygård.

Dei opplevde at dei på den måten produserte mykje mindre restavfall, og posen med plast vart fylt opp annankvar dag. Marknadssjef, Elisabeth Haukaas Bjerke i GLØR skulle ønske at enda meir kunne brukast om igjen.

– Men det er bra at vi får teke ut ein god del. Det er ei fossil kjelde og det blir betre miljørekneskap til slutt ved å bruke opp att den plasten, seier ho.