Ei fullsett Vågå kyrkje tok farvel med Ivar Odnes

Stortingsrepresentant Ivar Odnes vart gravlagd i Vågå kyrkje fredag. Han døde etter kort tids sjukdom og vart 55 år gamal.

Stortingsrepresentant Ivar Odnes vart gravlagd i Vågå kyrkje fredag

FULL KYRKJE: Svært mange fulgte gravferda, og det var sett opp storskjerm utanfor for dei som ikkje fekk plass i kyrkja.

Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRK

Det var fredag 5. oktober Ivar Odnes døde etter kort tids sjukdom.

Odnes, som var transportpolitisk talsmann for Senterpartiet, var open om sjukdomen i sosiale medium da han 13. september la ut ein status på si Facebook-side.

Der fortalde han sine følgarar at han hadde fått ein alvorleg kreftdiagnose.

Ivar Odnes
Foto: Karianne Stordal / NRK

– Skal mine dagar snart vere talte, føler eg at eg har fått oppnådd og opplevd veldig mykje i mitt liv. Eg fryktar ikkje å møte døden på nokon måte, sa Ivar Odnes i eit intervju med NRK i september.

Fredag 12. oktober vart han gravlagd i heimkommuna Vågå. I ei fullsett Vågå Kyrkje med den pensjonerte soknepresten Lasse Gran frå Østre Toten som prest.

Ivar Odnes etterlater seg kone og to barn, samt stebarn.

NYE RINGNESIN: Gamaldansgruppa som Ivar Odnes var ein del av spelte Spelemannsminner av Magne Bø.

Ivars val

Gamaldansgruppa Nye Ringnesin, som Ivar var ein del av, opna seremonien med den vakre valsen Spelemannsminner av Magne Bø.

Den hadde Ivar og resten av gruppa øvd på i lag, stutt tid før han gjekk burt.

– Spelemannsminner var Ivars val, sa kona Jorun Vang frå talarstolen fremst i kyrkja.

Leiar for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, var også til stades og heldt ei minnetale til Ivar Odnes.

Vi har mista ein av våre beste menn. Ein heidersmann.

Eva Kristin Hansen

1. VISEPRESIDENT: Eva Kristin Hansen

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Stortinget var representert ved 1. visepresident Eva Kristin Hansen (Ap).

– Ivar Odnes stod i ein stolt tradisjon, der heimbygda hans har levert fleire gode stortingsrepresentantar opp gjennom åra. Og det er dette Stortinget i sum handlar om; at landets valdistrikt sender inn sine beste folk til å styre både folk og land. Som ser både sin heimstad, si kommune, sitt fylke og landet under eitt, seier Stortingets visepresident Eva Kristin Hansen.

– Det gjorde Ivar Odnes.

Blomebutikken gjekk tom for blomar

Det vart lagt ned blomar frå heile breidda av samfunnet, og dei fylte opp kyrkja frå døra og fram til altarringen. Blomebutikken gjekk tom for blomar.

Talarar frå ulike posisjonar i samfunnet, frå Betonmast Hæhre til Nansen Fredssenter, understreka gong på gong Odnes si rolle som samfunnsbyggjar, brubyggjar og humørspreiar.

Fleire politikarar framheva at han behandla alle likt, uansett posisjon. Vidare la dei vekt på at han aldri avbraut folk og var raus i forhandlingar.

Seremonien i kyrkja varte i to og ein halv time, med 14 minnetaler. Deretter gjekk prosesjonen ut med spelemann Øystein Rudi i front. Svært mange av dei som var til stades var djupt prega og rørt av dei sterke inntrykka.

Ivar Odnes gravferd

FULLT: Vågå kyrkje var fylt med folk som tok farvel med Ivar Odnes.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

Engasjert byggmeister

Ivar Odnes, som opphavleg var frå Vågå, hadde bakgrunn som byggmeister. Han var byggeplassleiar i Toten bygg og anlegg i perioden 2002 til 2011.

I 2011 vart han fylkesvaraordførar i Oppland. Det vervet hadde han fram til 2017. Da vart han valt inn på Stortinget for Oppland Senterparti. Der var han også leiar frå 2006 til 2014.

Odnes har også hatt verv i Eidsivas bedriftsforsamling, Indre Østland Fotballkrets og Norsk Kulturarv.

I gravferda fekk han tildelt heidersteiknet post mortem frå direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten.

Begravelse Ivar Odnes

GRAVFERD: Kyrkjegarden var full av folk under den siste del av gravferda.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK