Hopp til innhold

Fekk tandemsykkel og Birkebeiner-påmelding i 50-årsgave

Ekteparet Grindstad frå Rena hadde aldri tenkt tanken på å delta i Birkebeinerrittet. Så fekk dei tandemsykkel og startnummer i 50-årsgave...

Video Skal sykle Birken på tandem

- Vi har aldri trena så mykje i ferien før, seier ekteparet Lindstad. Dei vart 'tvinga' til å sykle Birkebeinerrittet på tandemsykkel

– Hjelp! Dette har eg ikkje fortent!

Det var den fyrste tanken som gjekk gjennom hovudet til Toril Grindstad da ho og ektemannen Jo Petter fekk den slitsomme 50-årsgava.

"Gode" vener gav dei både tandemsykkel og startnummer til Birkebeinerrittet, og treninga er allereie godt i gang.

Vil ikkje overnatte

Tandemtur

Ferien blir brukt på turar i Rondane for å finpusse tandemteknikken.

Foto: Jan Egil Løvbak / NRK

Nå skal daglege turar ved foten av Rondane få kondisjon og tandemteknikk til å stemme før Birken i slutten av august. Da er det godt at dei har vore saman om det meste dei siste 33 åra.

– Vi går nå på ski, jakt og turar saman. Men i det siste har det vorte meir trening i ferien enn vi er vant til, seier dei to.

Dei trur at gava var ein takk for sist etter pek som ekteparet har funne på til andre. Men utfordringa er teken og målsetjinga er klar:

– Vi skal kome over, og det vil vere ei stor oppleving og ei bragd for oss. Og vi satsar på å kome over utan å måtte overnatte på turen.