Hopp til innhold

Mot ny sesong av «Lilyhammer»

Mykje tyder på at det blir spelt inn nok ein sesong av suksess-serien «Lilyhammer». Eit amerikansk selskap har allereie bestilt ein oppfølgjar til serien - men Bruce Springsteen stikk kjeppar i hjula.

Lilyhammer

ON FIRE: Steven Van Zandt kjem truleg til å dukke opp i Lillehammer igjen - men først skal han ut på turné med Bruce Springsteen.

Foto: Rubicon

Lasse Hallberg

HØGST AKTUELT: Lasse Hallberg i Rubicon er sikker på at det blir ein sesong 2.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

For truleg blir det ikkje spelt inn nokon nye episodar før til neste år, fordi seriens hovudperson Steven Van Zandt skal ut på turné med Bruce Springsteen.

Men Lasse Hallberg i produksjonsselskapet Rubicon er temmeleg sikker på at det blir ein oppfølgjar:

– Det er høgst aktuelt sidan Netflix, som har kjøpt retten til å vise serien i Nord-Amerika, allereie har bestilt ein ny sesong. Dei vil ha fleire episodar enn dei åtte vi har laga til no.

– Nøgde med sesong 1

Petter Wallace

TOLER MEIR ENN EIN SESONG: Publikum har trykka «Lilyhammer» til sitt bryst, og NRK vil gjerne ha ein sesong til, seier innkjøpsansvarleg Petter Wallace.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Petter Wallace, ansvarleg for innkjøp av eksterne seriar i NRK, seier dei gode sjåartala gjer at NRK gjerne vil ha ein sesong til med «Lilyhammer»:

– Vi føler for det første at dette har fungerte veldig bra, publikum har trykka serien til sitt bryst, og vi synest det er ein idé som toler meir enn ein sesong, seier han.

– Vi er veldig nøgde med resultata av sesong 1, både innhaldsmessig og i oppslutning.

Kvar onsdag har rundt ein million nordmenn følgt Frank Tagliano som måtte gå i dekning i OL-byen Lillehammer etter å ha vitna mot mafiaen i ein amerikansk rettssak.

– Overraska over amerikansk mottaking

Rundt 30 millionar kroner kosta serien, som er selt både til USA og Storbritannia, og vist også i Sør-Amerika og Canada.

– Det er litt overraskande at serien vart så godt motteke i USA, innrømmer Hallberg.

– Steven Van Zandt trudde på det heile tida, men vi andre var skeptiske. Det er ingen andre norske seriar som har blitt selt i original utforming til Amerika.

Springsteen stikk kjeppar i hjula

Men sjølv om amerikanarane har lagt inn bestilling på nye episodar, er det altså ein annan amerikanar som stikk kjeppar i hjula for å kome raskt i gong med nyinnspelingane:

– Bruce Springsteen skal ut på turné, og då vil han jo sjølvsagt ha med seg E Street Band, som Steven Van Zandt er ein del av, seier Hallberg, som trur turneen kjem til å vare til byrjinga av 2013:

– Vi håper å kome i gong med innspeling i løpet av neste år, og så får vi sjå når den nye sesongen kjem på fjernsyn.

Bruce Springsteen og E Street Band i Spektrum

UT PÅ TUNRNÉ: Bruce Springsteen tek med seg Steven Van Zandt og resten av E Street Band på turné i 2012. Her er dei saman i Oslo Spektrum i fjor.

Foto: Per Ole Hagen / NRK

Fantastisk skråblikk på Noreg

Finansiering og avtaler med skodespelarar er enno ikkje på plass, men går det som både Lasse Hallberg i Rubicon og Peter Wallace i NRK vil, blir det meir Steven Van Zandt å sjå på NRK1:

– Vi jobbar med å få alle puslebitane på plass, seier Hallberg.

Og ifølgje han er manusforfattarane Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin klare til å skrive ein sesong 2.

Petter Wallace håper sesong 1 har lagt eit godt grunnlag for ein ny sesong:

– Eg synest Lilyhammer er eit fantastisk skråblikk på Noreg!