NRK Meny
Normal

Modell for Innlandsuniversitetet

Prosjektstyret for Innlandsuniversitetet går inn for at rektor i den fusjonerte høgskolen skal vera på Lillehammer.

Rektor bør dessutan tilsetjast, og ikkje veljast som i dag, meiner prosjektstyret.

Dei går vidare inn for ei organisering i seks fakultet fordelt på dei forskjellige høgskolane og i alt 16 institutt.

Mellom anna går dei inn for fakultet i helse lagt til Østerdalen. Mens Lillehammer og Gjøvik har gått imot at fagmiljøet innan helse skal splittast.