Hopp til innhold

Kuttar bomavgifta med 120 millionar kroner

Regjeringa løyver 120 millionar kroner ekstra til utbygginga av E16 frå Fønhus til Bjørgo i Valdres. Det betyr mindre å betale i vegbommane for dei som skal køyre på den nye vegen.

Samferdselsminister på besøk i Bagn

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) med gode nyheter til bilistane i Valdres

Foto: Geir Randby / NRK

Ekstraløyvinga betyr at bompengeavgifta blir redusert frå omlag 75 til 55 kroner per personbil og frå omlag 220 kroner til 160 kroner for tung bil.

Det sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen da han besøkte Bagn i formiddag.

Reduserer betrakteleg

Bompengesatsane for den planlagde utbygginga av den 11 kilometer lange strekninga i Nord-Aurdal kan ventast å bli redusert med om lag 27 prosent, samanlikna med dei satsane som tidlegare er lagt til grunn for prosjektet.

Nye E16 i Valdres

Her skal nyvegen gå

Foto: Samferdselsdepartementet

Det skriv samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Utbygginga er i handlingsprogrammet til Statens vegvesen rekna å koste 1320 millionar kroner.

Etter det opplegget som regjeringa no går inn for, skal 300 millionar kroner av dei samla kostnadene finansierast ved innkrevjing av bompengar, medan 1020 millionar kroner skal finansierast ved løyvingar over statsbudsjettet.

I tidlegare finansieringsopplegg var det føresett 420 millionar kroner i bompengemidlar og 900 millionar kroner i statlege løyvingar, skriver departementet.

Meir fart i prosjektet

Regjeringa løyver også 40 millionar ekstra til vegvesenet så dei kan fortsette prosjekteringa av E16 gjenom øvre delar av Valdres. Dei to ekstraløyvingane har som mål og auke framdrifta for vegprosjektet.

– Det er meiningslaust med vegstrekningar der ein byggjer etappevis og med pauser imellom, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Dersom det blir lokalpolitisk tilslutnad til det opplegget som no ligg føre for utbygging og finansiering, vil regjeringa leggje saka fram for Stortinget i løpet av 2014 , med sikte på at anleggsarbeidet skal ta til i 2015 og vere ferdig i 2018.

Tofelts og tunnel

E16 er ei viktig rute for trafikk mellom Oslo og Bergen og for trafikk innan og til og frå Valdres.

Den nye vegen skal leggjast i ein 4,3 kilometer lang tunnel mellom Bang og Klossbøle og deretter følgje om lag dagens trasé til Bjørgo. Vegen skal byggjast ut til tofelts veg. På dei delar der vegen går i dagen blir vegbreidda på 8,5 meter, medan tunnelen får to felt og ei breidd på 10,5 meter.

Planane for prosjektet, med det nye finansieringsopplegget og lågare bompengesatsar, skal liggje til grunn for ny lokalpolitisk behandling.