Hopp til innhold

Køyrer trehjulssyklane i eigen vaskehall

GJØVIK (NRK): – Hjelp! Eg blir blaut! Samuel (4) hyler av fryd når han køyrer doningen sin gjennom vaskehallen i Hundremeterskogen barnehage så vasspruten står.

Barn rengjør seg selv og trehjulssyklene sine i egen vaskehall i Hundremeterskogen barnehage på Gjøvik. Samuel (4) er av de ivrigste. Nære og store bilder av unger som kjører gjennom vaskehallen.

VASK OG AVKJØLING: Vasspruten står frå begge sider når ungane syklar igjennom. Vaskehallen er mest brukt i regnvêr når ungane har på seg regntøy, men også på ein flott solskinsdag er det godt med avkjøling.

Køen er lang av forventningsfulle born som ventar på at ein av dei vaksne skal skru på vatnet. På kvar side i ei påbygd nisje på endeveggen er det skrudd fast to alminnelege vasspreiarar. Snart står vasspruten frå begge sider og ventar på at den fyrste av ungane skal tørre å sykle igjennom.

– Vi tenkjer utanfor boksen, seier barnehagelærar Eivind Linnerud.

Han meiner hovudmålet med satsinga er å ha det artig i kvardagen. Asfaltveg med oppmerking og rundkøyring har barnehagen hatt lenge, og dei har planar om ein bensinstasjon. Då kom to av karane på ideen om å setje i gang med vaskehall, og som tenkt så gjort. Vaskehallen har vorte populær. Mest er han brukt i regnvêr når ungane har på seg regntøy, men også på ein flott solskinsdag er det godt med avkjøling.

– Blaute ungar vert det uansett

Eivind Linnerud, barnehagelærar, Hundremeterskogen barnehage

Går eigne vegar

Charlotte (4) er ikkje redd for å bli blaut. Ho trør trehjulssykkelen fort igjennom strålane medan ho hyler høgt. Det kalde vatnet prikkar mot nakne T-skjortearmar og snart står ho bakarst i køen, klar for ei ny runde.

Berit Tangen, dgl leder Hundremeterskogen barnehage

Trafikksikring er eit satsingsområde for barnehagen, seier dagleg leiar Berit Tangen.

Foto: Jorun Vang / NRK

Dagleg leiar Berit Tangen seier dei tilsette inspirerer kvarandre med nye idear. Ho legg ikkje skjul på at dei mannlege tilsette er pådrivarar for å få prosjekta ut i livet.

– Dei kvir seg ofte mindre for å setje i gang, seier Tangen.

Det har også hjelpt kvinnene til å kaste seg ut i nye prosjekt. Slik vert dagane artige, for ungane, men ikkje minst for dei vaksne, seier Tangen.

LES: Viktig med menn i barnehagane

Ho seier og at barnehagen prøver å ta opp i seg det kvardagslivet som ungane møter utanfor barnehageporten.

– Dei fleste av ungane har jo allereie god kjennskap til vaskehall for bilar, seier ho.

Smilande og klissblaut

Vaskehallen har også vist seg å vera praktisk når barnehagen har vore på tur. I staden for å spyle ungane reine, slik dei gjorde tidlegare, setter dei no berre i gang vaskehallen og så blir både borna og leikane reine i same slengen.

Klissvåt og lykkelig

Samuel (4) har vore ivrig med vaskinga, men om det er han sjølv eller trehjulssykkelen som er reinast er ikkje godt å seie.

Foto: Jorun Vang / NRK

Det dryp av hår, klede og trehjulssyklar. Utanfor vaskehallen har det vorte ein svær søledam. T-skjorta til Samuel (4) klistrar seg til kroppen. Han er kald, og skal snart byte til tørt tøy, han må berre køyre ei runde til fyrst;

– Boblebad, stråler han nøgd.

Flere saker fra Innlandet