Meiningsmåling er ikkje val, men Senterpartiet har ein jobb å gjera fram til valget neste haust.
Det slår leiar i Oppland Senterparti, Sp, Eli Blakstad, fast.
Eli Blakstad (Oppland Sp)
Ikkje på Stortinget
Ei fersk meiningsmåling, laga for NRK og Aftenposten, syner at Senterpartiet berre ville fått 3,5 prosent oppslutnad om det hadde vore val i dag. Det betyr at Senterpartiet ikkje ville ha kome inn på Stortinget.
- Det er ikkje lett å seie kva som er årsaka, grublar Blakstad.
Arnfinn Nergård i Hedmark Sp gir ikkje opp etter ei meiningsmåling.
SV meir populære
- Sosialistisk Venstreparti, SV, er meir tydelege når dei formidlar sentrale saker, og har ein breiare medieprofil.
Slik forklararar leiaren Arnfinn Nergård i Hedmark Senterparti at SV er meir populære enn Sp.
Hedmark Sp håpar på to representantar på Stortinget neste periode, sjølv om den ferske meiningsmålinga ikkje tyder på at det blir ein realitet.
- Vi mistar ikkje motet etter ei meningsmåling, seier Nergård.