Hopp til innhold

Her kan du ake ned 700 høgdemeter

– Det har blitt ei greie, seier styrar Knut Vole på Glitterheim. Dei har kjøpt inn hundre små rumpeakebrett som dei låner ut til gjestene.

Ake fra Glittertind

NEDTUREN BLIR EIN OPPTUR: I Jotunheimen har det vesle rumpeakebrettet fått sin renessanse. Frå Glittertinden kan du skli samanhengande i fem kilometer.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det er tidleg morgon på turisthytta Glitterheim i Jotunheimen, og i resepsjonen gjer familiefar Christopher Wiig sekken klar for topptur.

– Vi skal på Glittertinden, så vi må ha to Kvikk Lunsj og nokre rumpeakebrett, seier Wiig

Dei to familiane frå Lommedalen har mål om å koma seg til toppen av Glittertinden, Norges nest høgaste fjell.

Framom dei ventar ei stigning på 1100 høgdemeter. Og den ville aketuren ned er ein viktig motivasjonsfaktor for både store og små.

Rompeakebrett

GRATIS: Turisthytta Glitterheim har kjøpt inn hundre rumpeakebrett som dei leiger ut gratis til gjester som skal på Glittertinden.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Med rumpeakebrett blir nedturen ein opptur, seier styrar Knut Vole.

Norges lengste akebakke

Glittertinden er den nest mest besøkte toppen i Jotunheimen, og sjølv seint på sommaren er sida ned mot Glitterheim snødekt.

– Ryktet om akebakken har spreidd seg på nett, så dei fleste spør om å få låne, og mange har med seg akebrett sjølve.

Knut Vole

POPULÆR: – Rumperacer har vorte ei greie her på Glitterheim, seier styrar på DNT-hytta, Knut Vole.

Foto: Even Lusæter / NRK

Heile den snødekte sida er full av renner som vitnar om at mange har valt den lettvinne nedstigninga.

– Det var ei som målte her ein dag, og ho hadde sklidd ned 700 høgdemeter og hadde ein toppfart på 25 kilometer i timen, så ho var kjempetilfreds, ler Vole.

Vole trur "akebakken" er rundt fem kilometer lang, og han fortel at det har vore gjestar som tykte det var så moro at dei gjekk opp att og sklei ned ein gong til.

–Det er kolossalt moro, seier Vole.

Glittertind

KLARE FOR AKING: Etter den karakteristiske toppen var nådd, var familiane frå lommedalen klare for Norges lengste akebakke.

Foto: Even Lusæter / NRK

Viktig motivasjon

Frå Glitterheim er det jamn stigning på til toppen, og for korte bein, kan den friske aketuren på slutten vera det som motiverer barna til å koma seg opp.

– Barna våre er ikkje så gamle enda, så det er viktig å få dei gode opplevingane tidleg, seier Wiig.

Og etter at den karakteristiske piggen var nådd, var det klart for å setja utfor Norges lengste akebakke.

Mange vil prøve Norges lengste akebakke