NRK Meny
Normal

Hannulv påkøyrd i Stor-Elvdal

Ein hannulv vart påkøyrd og skada ved Opphus i Stor-Elvdal torsdag morgon.

Ulv Stor-Elvdal

PÅKØYRD HANNULV: Ulven var så hardt skada at han vart avliva på staden av SNO.

Foto: Lars Gangås / SNO

Ulukka skjedde på fylkesveg 606, og Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen vart varsla.

Bilføraren meldte frå sjølv

Lars Gangås i SNO seier bilføraren som køyrde på ulven sjølv ringte og rapporterte det:

– Han rapporterte at ulven var hardt skada, men hadde kome seg cirka femti meter unna vegen.

Gangås reiste ned og aliva ulven på staden.

Moglegens Julussa-ulv

Ulven hadde ingen andre kjenneteikn, men området er tilhaldsstad for Julussa-flokken.

– Det kan moglegens vere hannen i ein av dei tre flokkane der det er yngling i år, seier Gangås.

Ulven ligg no på kjøling i Evenstad og ventar på transport til Trondheim, der den blir obdusert.

Fellingskvoten full

Irregulær avgang av ulv blir belasta lisensfellingskvota.

1. mars vedtok rovviltnemndene i region 4 og 5 ei lisensfellingskvote på éin ulv.

Lisensfellingsområdet var avgrensa til delar av Rendalen, Tynset, Tolga og Engerdal kommunar.

Med dagens påkjørsel er kvoten full og det blir inga lisensfelling på ulv i perioden 24.-31.3.12.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND