Få med deg høgdepunkta frå #NRKfjos

Gjekk du glipp av den friske debatten mellom ein noverande og ein tidlegare landbruksminister? Vil du lære meir om kuas kroppsspråk? Her kan du sjå opp att alle videoane frå #nrkfjos.

NRK Fjos - Utebilde

Her kan du få med deg mykje av det som har skjedd under #nrkfjos.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Hils på fjos og bønder!

I vårt fyrste fjosstudio vart vi kjend med gardbrukarparet Hans M. Ulberg og Kristin Vold Lexander, og tok ei runde for å sjå oss omkring i fjøset.

Fekk du ikkje med deg fjosstudio på direkten? Her kan du sjå det i opptak!

Kusignal

I fjosstudio 30. august fekk vi besøk av kusignalekspert Bengt Egil Elve, som fortalde korleis eit ku-samfunn fungerer.

Her kan du sjå tysdagens fjosstudio i opptak.

Kuvelferd i fjoset

I fjosstudio 31. august fortalde vi korleis eit fjøs kan byggjast opp slik at kyrne får det best mogleg. Gardbrukar Hans fortalde også om årsaka til at ku og kalv blir skild så tidleg etter kalvinga.

Fekk du ikkje med deg dagens fjosstudio så kan du sjå det her.

Kunamn og kurasar

1. september fekk vi besøk av Mari Bjørke frå Geno. Ho fortalde korleis Norsk Rødt Fe har vorte avla fram dei siste 80 åra. Vi hadde også ein gjennomgang om dei mest brukte kunamna, og kva som er årsaka til at kunamn kanskje blir mindre brukt i dag.

Kunamn, haustrug og Norsk raudt fe var blant det som vart diskutert i dagens fjosstudio.

Inseminering og fôring

I fjosstudio 2. september hadde vi besøk av fôr- og kuvomekspert Harald Volden. Vi fekk også med oss ei inseminering på direkten, og fann ut kvifor den eine kalven ikkje ville drikke mjølk.

Det var inseminering på direkten, løysing av eit lite kalvemysterie og siling av kuskit under fjosstudio 2. september.

Kalven som lurte alle

I fjosstudio 5. september fortalde gardbrukarparet Hans og Kristin om helgas kalving, som skjedde på eit tidspunkt der svært få fekk den med seg. Dei fortalde også om kva dei har drive med før dei tok over garden i Sør-Fron.

Vi pratar om helgas kalving, bestemmer namn på kalven og blir litt betre kjend med gardbrukarparet på Ulberg.

Landbruksdebatt i fjoset!

6. september fekk vi storfint besøk på garden. Landbruksminister Jon Georg Dale og Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum kom til Ulberg for å diskutere landbrukspolitikk. Det vart ein frisk debatt med Dagros som publikum.

Debatt mellom landbruksminister Jon Georg Dale (FrP) og Trygve Slagsvold Vedum, leder i Senterpartiet

Mjølkebilen

Vi var med mjølkebilsjåfør Tor Slaastuen og såg korleis arbeidsdagen hans var.

Daglig plukker vi den opp i butikken, men tenker kanskje ikke på hva melka har vært gjennom før den havnet der.

Kusignaleksperten fortel

Sjå korleis kusignalekspert Bengt Egil Elve arbeider for å bli kjend med kua.

Bengt Egil Elve er ekspert på kyrnes adferd. Han kurser bønder i hvordan de best kan lese sin egen besetning.

Korleis virkar mjølkeroboten?

Mykje av drifta på Ulberg er dreid rundt mjølkeroboten. Her kan du lære korleis den fungerer.

Gardbrukar Hans Ulberg syner korleis mjølkeroboten fungerer.