Forskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat, Liss Marie Andreassen, har gjort målingar av isbreane i Jotunheimen i fleire år. Målingane viser at breane stort sett har minka år for år i moderne tid.
Men enkelte år, som 2015, skil seg ut ved at breane veks eller blir verande uendra. Storbreen er ein av breane det er gjort flest målingar av. Mellom 1994 og 2014 auka Storbreen berre tre gonger.
Kaldare enn normalt
– Det var ordentleg skiføre her i juni, noko som er unormalt, seier Ingvild Øyjordet, som er naturvegleder i Jotunheimen.
Tal frå Meteorologisk institutt viser at månadane mai, juni og juli var kaldare enn normalt. Juni-normalen for målestasjonen Sognefjellshytta i Jotunheimen ligg på 4,2 varmegradar. Men i år var gjennomsnittstemperaturen i juni på berre 1,5 gradar.
Øyjordet kjenner fjellområdet i Jotunheimen godt, og har sett utover dei snødekte toppane mange gonger før. Landskapet i Jotunheimen er mektig, og kontrastane er store no før snøen kjem.
Isbreane har gått tilbake
Tendensen er at breane i Noreg blir mindre og mindre. Sidan 1904 har Storbreen trekt seg 1135 meter tilbake og mista ein femtedel av sitt volum. Forskar Andreassen trur dette berre vil gå raskare i framtida.
– Det er grunn til å tru at smeltinga vil halde ved og akselerere, seier Andreassen.
- Les òg: Fjellvandrere trenger truger i sommar
- Les òg: Framleis mykje snø i fjellet, men skredvarslinga vart avslutta i mai
Interessa for turar i fjellet og på breane er likevel stor. Øyjordet meiner interessa berre har auka dei siste åra.
– Eg trur folk får lyst til å oppleve breane når det er så mykje merksemd rundt at dei skal smelte bort. I tillegg har mange ein travel kvardag, og ein tur i fjellet kan vere roande for mange, seier Øyjordet. Ho har opplevd at folk har tatt til tårene når dei har opplevd roa i fjellet.
Talet på turistar i Jotunheimen har auka dei siste åra, og fleire og fleire blir med på organiserte fjellturar.
– Jotunheimen trekker fjellvandrarar som aldri før. Spisse tindar, djupe dalar, fossande elver og isbrear lokkar til seg svært mange, seier Camilla Horten, fagsjef for aktivitetsavdelinga i Den Norske Turistforening.
Men NVE-forskar Andreassen trur breane går ei uviss framtid i møte, det skriv ho i ein magasinartikkel i Cicero. Ho seier at dersom temperaturen aukar med ein grad, er breane avhengige av 30 prosent meir vinternedbør for ikkje å minke. I framtida kan temperaturen auke ytterlegare, og sette enda større fart i bresmeltinga.