Hopp til innhold

Dette er nye E6

Laurdag opnar 33 kilometer med ny E6 mellom Frya og Sjoa.

Vi har kjørt strekningen på nye E6 for deg.

Vi har kjørt den nye strekningen på E6 mellom Frya og Sjoa, og møtt noen av dem som har fått kjenne på kroppen at det har blitt ny veg gjennom Gudbrandsdalen.

På tur oppover Europaveg 6 i Gudbrandsdalen har du vorte godt kjent med lokalbefolkninga i tettstader som Hundorp, Kvam, Vinstra og Harpefoss.

Nå er vegen flytta ut av tettbygd strøk, inn i tunnelar og nye trasear, og dei farande etter vegen får eit nytt perspektiv på dalen.

Utbygginga har teke tre og eit halvt år, har kosta småpene sju milliardar kroner og er dermed eit av landets største vegprosjekt.

Til saman er det bygd 21 bruer, men Perkolo bru rasa saman på grunn av ein prosjekteringsfeil og blir truleg ikkje bygd opp att. Harpe bru er den mest spesielle på den nye vegen.

På det meste har 800 anleggsarbeidarar arbeidd på strekninga, og det er lagt 275.000 tonn med asfalt.

Bompengar

Så er det ikkje slik at styresmaktene vil spandere heile veggildet. Dei som køyrer etter vegen må bidra med sitt, 44 prosent skal betalast med bilistane sine bompengar.

Har du autopassbrikke og inngår avtale med vegselskapet vil heile strekninga koste 87 kroner, utan rabatt er prisen 109 kroner. For tunge køyretøy vil det koste 218 kroner å køyre den nye vegen, syner Statens vegvesen si oversikt.

Innkrevjinga skal halde på i 15 år.

Vegen får ei fartsgrense på 90 kilometer i timen utanom i tunnelane, der fartsgrensa blir 80 kilometer i timen. Vegvesenet har berekna at du vil spare om lag 15 minutt på strekninga samanlikna med dagens veg.