NRK Meny
Normal

Bli med og prøvekjør nye E6

E6-utbygginga gjennom Gudbrandsdalen nærmar seg slutten. Vegen opnar fyrst i desember, men allereie no kan du bli med NRK på prøvetur.

NRK fekk vera med Statens Vegvesen på ein prøvetur frå Frya til Sjoa.

Det har tatt tre år å bygge den nye vegstrekninga, og store delar av traseen er no flytta over på vestsida av dalføret.

–Eg tykkjer det er spennande, men det blir nok rart for trafikantane på E6 som no kjem til å sjå delar av Gudbrandsdalen frå vestsida, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Per Magne Hagemoen.

Ikkje alle smiler

Vegen vil også forandre dalføret ved at han no blir lagt utanom fleire tettstader som mellom anna Vinstra og Kvam.

–Det er trafikken på E6 som er heile eksistensgrunnlaget for Vertshuset Sinclaire, og neste sommar vil det vera stilt på gamle E6 gjennom kvam, så det er klart det vil få store konsekvensar for oss, seier Ingvild Selfors, dagleg leiar ved Vertshuset Sinclaire.

Østlandsforsking har rekna med at mellom 75 og 80 prosent av trafikken vil bli borte etter vegomlegginga.

–Vi er inne i ein omstillingsprosess, og vi har sagt opp mange av dei tilsette. Det er ikkje noko god kjensle, for det er viktige arbeidsplassar for ei bygd som Kvam, seier Selfors.

Stolt utbyggar

Strekninga frå Frya i Sør-Fron kommune til Sjoa i Sel har to tunnelar, fleire bruer og har kosta 6,5 milliarder kroner.

–Eg tenkjer attende på byrjinga av anleggsperioden og kor bustete det var her, Og no som vi ser det ferdige prosjektet, så blir vi litt stolte, smiler Per Magne Hagemoen.