Hopp til innhold

Bjørndalen best med X

Det er tredje året Bjørndalen og hunden X deltek i snørekøyringskonkurransen på Sjusjøen. Og i år stilte han til start i same pulje som kona Darja. Det vart nesten litt for spennande.

Bjørndalen best med X

Konkurranseinstingtet var i høgspenn på Natrudstilen laurdag. Både for to- og firbeinte.

Det stod både langdistanse og sprint på programmet under årets Snørock. Det er fjerde året hundekøyringskonkurransen blir arrangert, og i år var det eit kjendistungt heat på startstreken.

– Bjørndalen har køyrt her i tre år, og byrjar å bli dreven, seier ein av leiarane for arrangementet, Lena Boysen Hillestad.

Lena Boysen Hillestad.

Snørekøyring er noko alle kan drive med, seier Lena Boysen Hillestad, som er ein av arrangørane av Snørock.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ho tykkjer det er ekstra moro at også Darja har vorte med i år.

Snørekøyring for alle

– Grunnen til at vi er her, er for å promotere sporten, og vise fram det som vi syns er så fantastisk morosamt, seier Boysen Hillestad.

Det var sledekøyrarane som opna Snørock med langdistanseløp. Men det var som venta den kjendistunge sprintfinalen laurdag som trekte mest folk.

Men i denne sporten er det ikkje nødvendigvis dei beste skiløparane som vinn.

– Jentene har ein fordel ved at dei er lette, seier Bjørndalen, som er tydeleg redd for å bli slått av kona Darja Domratsjeva.

Han stilte til start med hunden X, ein hund han kjenner godt.

– Normalt i eit hundeløp, så teller det at du har god kommunikasjon med hunden, seier Boysen Hillestad. Og det var det tydeleg at Bjørndalen hadde.

Likevel var det berre så vidt han fekk tåa over målstreken før kona Darja.

– Konkurranse er konkurranse, uansett, sa ein letta Bjørndalen etter målgang.

Spurt om sigeren

I superfinalen skulle dei to beste frå alle klassene møtast, og der vart det knallhard kniving mellom kjente hundekøyrarar, kjente skiskyttarar og juniorløparar.

Etter at Lars Berger og ein del andre av førehandsfavorittane regelrett ramla ut av sigerskampen, enda det til slutt i spurtoppgjer mellom Ole Einar og Mikael Lillestu.

Det var Lillestu som kryssa målstreken først, men etter målgang vart han pålagt ei tilleggsstraff på 15 sekund.

Det var til slutt Bjørndalen som vann superfinala, med Petter Thorslund Aadland på andre, og kona Darja Domratsjeva vart nummer tre.

Les også:

Hundekjøring

Bokseren Otto von Porat organiserte aktivitetene for de vinterferierende barna i 1964.