NRK Meny
Normal

Asylsøkjarane frå Lier på plass i Våler

66 av asylsøkjararane frå det nedbrente ventemottaket i Lier kom i ettermiddag til Haslemoen transittmottak.

Haslemoen transittmottak

Eskortert av ein politibil kom dei 66 asylsøkjarane til Haslemoen transittmottak i Våler i dag.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Dei siste dagane har det vore opprør og brann ved Lier ventemottak i Buskerud. I natt vart tre av brakkene påtent og bebuarane måtte evakuerast.

Deretter vart det bestemt at dei som bur på asylmottaket skal flyttast til Haslemoen transittmottak i Våler kommune i Hedmark.

– Har inga god kjensle

I ettermiddag kom dei 66 asylsøkjarane i buss, og fekk mat og ein stad å bu.

Francis Okeni frå Sør-Sudan har vore i Noreg i sju år og har budd på ventemottak i fire av desse. Han er ikkje tilfreds med å bli flytta frå Lier til Haslemoen.

– Frå Lier kan vi kome til Oslo i løpet av kort tid. Frå her tek det tre timar og kostar 300 kroner. Den største bekymringa er likevel kva som vil skje vidare med oss. Det uroar oss heile tida, eg har inga god kjensle, seier Okeni.

– Behandla som alle andre

Francis Okeni

Francis Okeni er ikkje glad for at dei er flytta til transittmottaket på Haslemoen.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Asylmottaket på Haslemoen har kalla inn ekstra personell slik at dei skal vere klare til å ta imot dei nye bebuarane.

Mottaksleiar Merethe Andresen seier at dei ikkje fryktar at det vil bli ny uro når asylsøkjarane nå er flytta til Haslemoen.

– Vi vil ta imot dei på same måten som vi tek imot andre bebuarar. Og vi vil beskytte dei slik som vi gjer med andre.

Ho seier at dei ikkje har noko problem med å ta imot så mange nye bebuarar på ein gong.

– Vi er vant til at det kjem mange nye folk i løpet av kort tid. Så vi er vant til at det skjer fort, seier Merethe Andresen.

Haslemoen transittmottak
Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Fikk fylkeskulturprisen

    Øystein Sunde fikk i kveld fylkeskulturprisen i Hedmark. Sunde har solgt over en million plater og har vunnet en rekke priser. Han syntes det var stor stas å få fylkeskulturprisen som han mente var en heder til humoren i Hedmark.

    Øystein Sunde fikk fylkeskulturprisen 2017
    Foto: Lars Bilit / Nrk
  • Sp vil ta ut Slettåsflokken

    Senterpartiet fremmer i onsdag forslag i Stortinget om å felle ulvene i den mye omtalte Slettås-flokken. Partiet ber regjeringen om å gi fellingstillatelse for Slettås-flokken i tråd med den lokale rovviltnemndas ønske.

  • Veiby/Skjærmoen med ny kontrakt

    Skoda Motorsport har inngått en ny rallykontrakt med 21 år gamle Ole Christian Veiby fra Kongsvinger. Han blir dermed en av fire kjørere i bilfabrikken s rallysatsing for 2018. Veiby har sammen med kartleser Stig Rune Skjærmoen fra Elverum kjørt for Skoda også i år. .

    Ole Christian Veiby med ny Skoda kontrakt
    Foto: Even Management/Skoda Motorsport.