NRK Meny
Normal

Huskyen Føyke (7) har eigen massør

Føyke og dei 13 lagkameratane hennar har med personleg hundemassør til Finnmarksløpet. Det skulle berre mangle, meiner massøren: – Hundane er trass alt toppidrettsutøvarar.

Hundemassør

HUNDEMASSASJE: Føyke var ute i to sesongar på grunn av problem med ei skulder. Etter fleire behandlingar med massasje, fullførte ho Finnmarksløpet i fjor. I år er ho fremst i spannet til Marit Beate Kasin.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det første du legger merke til er at hunden likar det. Det skjer ei avspenning i kroppen som også påverkar den mentale delen. Det er som med oss menneske, for også hundane blir meir avslappa dersom dei får massasje, seier Carmen Kadim.

Ho er massør for hundane til storfavoritten Marit Beate Kasin. Dei 14 Finnmarksløps-hundane høyrer til mindretalet som har heilt eigen massør.

– Dei er toppidrettsutøvarar, og akkurat som med folk på toppnivå treng dei god behandling. Dette er hundar som jobbar veldig hard. Dei spring lange løp og er med på tøffe treningsturar. Dette kjenner eg att i spenningane dei har i kroppen.

Hundemassasje

Hundekøyrar Marit Beate Kasin er litt misunneleg på Føyke som får massasje. Her saman med hundemassør Carmen Kadim.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

I ei hytte i utkanten av Alta ligg toppidrettsutøvaren Føyke på behandlingsbordet. Ho skal få massasje før ho skal springe fremst i spannet på den 1200 km lange løypa over Finnmarksvidda.

– Denne hunden har hatt skuldeproblematikk og jamleg massasje har ført til at ho framleis kan vere med i spannet til Kasin, seier hundemassøren.

Føyke starta eit samarbeid

Samarbeidet mellom massøren og hundekøyraren byrja nettopp då Føyke fekk problem og trengde behandling.

– Ledertispa hadde vore ute i to sesongar på grunn av skulderskade. Etter gjentekne behandlingar med Carmen kunne ho igjen springe i spannet. I fjor gjekk ho til mål i Finnmarksløpet, og såg eg kor god effekt dette hadde.

Vinterdans

Hundane til Kasin rett etter ein treningstur i Gargia på onsdag.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Massøren hadde fått Føyke i form til å fullføre løpet og Kasin ville satse vidare på massering av hundane sine.

– Den positive merksemda får dei til sleppe alt. Dei ligg rett ut og kosar seg. Dersom ein av hundane mine er såre får eg beskjed. Dermed veit eg dersom nokon treng litt ekstra varme på ein skulder eller liknande, seier Kasin.

Hundane får eit lenger liv i løypa

– Ved å kunne lokalisere kvar einaste muskel, kan eg oppdage tideleg kvar problemet sit og kva type problem det er, Carmen Kadim.

Dermed er det mogeleg å både førebyggje og ordne skadar. Hundekøyrar Marit Beate Kasin ser stor fordel av dette.

– Ved å bruke massør held hundane lengre som løpshundar. Eg sparar mykje tid på å trene opp nye. Dette året har eg fleire hundar i spannet som er både 9 og 10 år. Dessutan er eg glad i hundane mine og vil behalde dei så lenge som mogeleg, seier Kasin.

Hundemassasje

– Du kan sjå at hunden verkeleg nyt behandlinga, seier massør Carmen Kadim.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Heldigvis er hundemassøren også utdanna «menneskemassør». Dermed får også hundekøyraren massering innimellom.

– Men det viktigaste er at hundane held lenge og føler seg bra undervegs. Det er då dei kan prestere som best.