Hopp til innhold

Dei ulydige

”Jeg er i ferd med å planlegge en straffbar handling og etterlyser en person som er villig til å medvirke til menneskesmugling”. Dette sto å lese i eit innlegg i Aftenposten måndag 11. Desember 2006.

Dei ulydige

Menije, den ene av de to søstrene som fortsatt er i Iran, drømmer fremdeles om å få returnere til Norge.

Etterlysinga var signert advokat Randi Hagen Spydevold. Etter at innlegget sto på trykk fekk ho fleire hundre telefonar. Også frå Politiet som ringte og advarte henne, det er seks års strafferamme for medvirkning til menneskesmugling. I tillegg sto ho i fare for å miste advokatbevilgninga si.

SE OGSÅ VIDEO: Siris historie om venninen som ble tatt med fra Norge på ubestemt tid

Kva er det som får menneskjer til å begå kriminelle handlingar for å hjelpe to jenter dei ikkje eingong har møtt?
Historia startar hausten 2006. Då advokat Randi Hagen Spydevold fekk ein telefon frå ein lærar i Sarpsborg. Personen som ringer er ein tidligare lærar av Menije og ber no Randi om å hjelpe de to unge jentene som ifølgje læraren er i Iran mot si eigen vilje.

Randi Hagen Spydevold

Randi Hagen Spydevold

Sidan då har Spydevold jobba med sakene deira på idealistisk grunnlag. Ho har risikert både advokatbevilgninga si og fengselsstraff for å hjelpe dei heim til Noreg.

”Er det sånn at jeg mister min advokatbevilgning på grunn av dette, så vil jeg ikke være advokat”, seier Randi Hagen Spydevold til NRK i desember 2006.

Medspelarene

Ein av dei som ringer etter å ha lest innlegget til Randi i Aftenposten er Rune Haaland. Dei to har sidan då prøvd å hjelpe Menije og Kadije Ravandoost attende til Noreg.

Menije og Kadije vaks opp i Sarpsborg, og har dei siste åra blitt halde i Iran mot sin vilje. ”Vi skulle til Irak på ferie i noen uker, men de lurte meg” forteller Menije. Jentene vart i følgje Spydevold lurt med til Iran i mai 2002, kun to månader før dei skulle få sitt endelege statsborgarskap i Noreg.

”Isteden for å hjelpe jentene, har norske myndigheter fratatt dem oppholdstillatelsen fordi de har vært for lenge borte.”, seier Spydevold.

Vinteren 2006/2007 klarte Kadije å kome seg til Athen ved hjelp av menneskesmuglarar.

Den 9.januar ringer Kadije til Randi Hagen Spydelvold og er redd. Menneskesmuglarane er rusa heile tida og har trua med å voldta henne. Ho vil heim til Noreg so fort som mogleg.

Rune Haaland og Randi Hagen Spydevold vil prøve alle utvegar i det norske systemet før dei går til sivil ulydighet og påberopar seg nødvergeretten for å hente Menije og Kadije heim. Men forsøka er forgjeves og derfor startar dei planlegginga av korleis dei skal få smugla Kadije til Noreg.

Menneskesmuglinga

10.januar tek Randi kontakt med to av støttespelarane som meldte seg etter avisinnlegget i desember. Kari Lene Selvaag og Cecilie Nustad. Dei er villige til å betale for at Kadije skal bli smugla inn i landet. Dei meiner det er Noreg som gjere feilen og bryt menneskerettane.

Tolv dagar seinare reiser Randi til København for å møte Kadije. Kadije har fått ordna med falskt pass og kjem med fly frå Athen til Kastrup. Frå Købehavn tek dei Säfflebussen vidare mot Oslo.

Midt på natta stoppar bussen, det er passkontroll. Reisefølgje er redde for å bli stansa av tollarane, men til deira hell viser det seg at kontrollørane er meir opptekne av ein annan mann lenger bak i bussen.

Dei kjem seg trygt til Noreg.

Kadije lever i skjul i to månader før ho ikkje orkar meir og vel å søkje asyl i Noreg. Norske myndigheiter meiner ho har større tilknytning til Iran, der ho ikkje har budd sidan ho var to år gamal.

Menije er framleis i Iran. 1.juni 2007 får ho endeleg avslag frå Utlendingsnemnda, ho får ikkje kome attende til Noreg.

”Og da har altså Norge regler som sier, dersom du blir kidnappet av familiemedlemmer og holdt utenfor Norge i over to år, så skal du miste rettighetene dine, de står altså på overgriperens side. Overgriperen gis rettigheter, det må bare gjøres noe med dette her altså” Sier advokat Randi Hagen Spydevold idet ho les avslaget frå Utlendingsnemnda. Spydevold har no bestemt seg for å prøve saka til Menije for retten.

Dermed saksøkjer Menije no staten ved UDI for brudd på forvaltningslova. Både ho og advokaten hennar, Randi Hagen Spydevold, meiner at ho hadde krav på hjelp frå norske myndigheiter dei to fyrste åra etter at ho vart lurt ut av Noreg og til Iran. Saka skal for retten 27. Mai 2008.